NRK Meny

Trur sjukehussaka har gitt Sp-framgang

Sp ser ut til å gjere eit brakval i Kristiansund. Senterpartiet går fram 21,7 prosentpoeng

 Maritta Ohrstrand

Maritta Ohrstrand er førstekandidat for Kristiansund Sp.

Foto: Privat

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vallogo

Maritta Ohrstrand, førstekandidat i Kristiansund Sp, er svært fornøgd med resultatet så langt.

– Det er formidabelt. Det er veldig gledeleg for oss å sjå eit slikt resultat, seier ho.

I Kristiansund går Senterpartiet fram 21,7 prosentpoeng, og har dermed 24,1 prosent oppslutning.

Ohrstrand, som i dag sit aleine for Sp, får med seg ti politikarar inn i bystyret.

Med kommentarar frå valvaket til Sp.

– Kan få mykje makt

Ohrstrand sa før stemmene blei telt opp at ho håpar at sluttresultatet ikkje vil vike mykje frå førehandsstemmene.

– Meiningsmålingar tidlegare i veka har vist opp imot 185, og vi har eit håp om å nå opp dit, seier ho.

Så langt kan det sjå ut som om partiet kan ende opp med seks mandat i kommunestyre, noko som er seks fleire enn dei har hatt til no.

– Det kan sjå ut til at vi blir ei relativt stor gruppe i den komande perioden, så det er klart vi kan få mykje meir makt enn når eg har vore aleine, seier Ohrstrand.

Ho seier at dei vil vente på sluttresultatet før dei byrjar å snakke med dei andre partia om samarbeid.

Trur sjukehussaka har spelt ei avgjerande rolle

Ohrstrand trur konflikten rundt det nye fellesjukehuset for Nordmøre og Romsdal er noko av årsaka bak framgangen til Sp.

– Sp sentralt har vore veldig aktive i forhold til det med sjukehussaka, og det har nok hatt sin påverknad, seier ho.

– I tillegg har vi fått med eit ungt og friskt mannskap som er interesserte og engasjerte, held ho fram.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.