Hopp til innhold

Søppeltjuvar herjar

I Kristiansund forsvinn søppel om natta.

Attraktivt søppel
Foto: Eirik Haukenes / NRK

No har søppeltjuveria blitt eit problem for kommunen.

Om natta

Rolf Farstad

Tjuvane gjer hærverk

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nattestid forsvinn elektroniske apparat og kvitevarer frå avfallsmottaket på Hagelin i Kritiansund. Driftsleiar Rolf Farstad fortel dei opplever innbrot nesten kvar natt.

- Vi har til og med latt portane stå opne for å unngå hærverk.

Krev sikring

- Det er meir enn berre søppel. Mykje av det som blir stelt har miljøgifter i seg.

Gro Ugelstad

Krev at kommunen ordnar opp.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det seier Gro Ugelstad som er leiar i Kristiansund Natur og Ungdom. Ho er uroa over at det som blir stjelt forureinar. Derfor krev no Natur og Ungdom at kommunen tek tak og sikrar søpla.

- For dyrt

Farstad sier kommunen har vurdert vakthald, men har kome til at det er for dyrt. Det godtek ikkje Natur og Ungdom.

- Kommunen må gjer eit betre forsøk. Dei kan setje opp kamera og overvake så dei ser kven som stel, avsluttar Ugelstad.