Hopp til innhold

Sonen håper på svar

I dag startar sjøforklaringa etter ulukka der ein sjark og ein tankbåt kolliderte utanfor Bud tysdag kveld.

Ein 54 år gamal fiskar frå Vesterålen er framleis sakna etter kollisjonen.

Den eldste sonen til den sakna, Eindrine Lauritzen, håper på svar når sjøforklaringa startar i dag.

 

- Det er klart at vi som er pårørande håper å få vite kva som skjedde, seier Lauritzen.

To innkalt som vitne

To personar er kalt inn som vitne til dagens sjøforklaring i Molde. Dei to er kapteinen og overstyrmannen på tankbåten Doris fra Bergen. Begge var på plass på brua då kollisjonen med sjarken Skarbak frå Vesterålen skjedde tysdag kveld.

Sjøforklaringa skal prøve å finne ut av kva som førte til kollisjonen. Så langt er det klart at dei to båtane hadde kryssande kursar. Vraket av sjarken viser at det var ein kraftig kollisjon. Båten blei delt i to - og styrhuset blei kappa av.

Den 54-år gamle fiskaren frå Vesterålen er framleis sakna etter ulukka. Den eldste sonen Eindride Lauritzen har ikkje mista håpet, men er innstilt på at faren har gått bort

- Håpet er jo alltid der. Men han blei råka hardt midtskips og blei rent i senk, og så kaldt som det er i sjøen og med tanke på at dei har funne både redningsflåte og overlevingsdrakt så trur eg at han har omkome dessverre, seier Eindride Lauritzen.

Spend på opptak

I minutta før ulukka var det samtalar mellom sjarken og tankbåten. Opptak eller utskrifter frå samtalen kan bli lagt fram i forklaringa i dag. Sonen er spesielt spend på opptaket.

- Eg har tru på at opptaket av kommunikasjonen rett før ulukka vil vere veldig oppklrande, seier Lauritzen.