Hopp til innhold

Sondre (12) berga veslebror Brage (9) ut av snøskred

Renn rett fram var beskjeden dei to gutane fekk frå mamma. Sikta var dårleg på grunn av snøfokk. Så gjekk snøskredet som tok den yngste guten.

Hege Sæterbø Andersen med borna Brage og Sondre

Hege saman med Sondre og Brage etter den skremmande opplevinga søndag. Syltnebba i Surnadal på Nordmøre i bakgrunnen.

Foto: Mari Vattøy / Trollheimsporten

– Eg fekk totalt panikk. Heldigvis såg vi ein stav om lag med det same vi starta å grave og fekk graven fram hovudet og resten. Tusen tankar gjekk gjennom hovudet mitt, og eg var heilt skjelven, seier Hege Sæterbø Andersen.

Ho var vitne til at yngste sonen Brage (9) vart begravd av eit snøskred.

Fint ver i starten

Både trollheimsporten.no og Tidens Krav (krev innlogging) skreiv om den dramatiske turen frå søndag 31. mars. Mamma Hege og dei to sønene Sondre og Brage tok turen opp på fjellet via alpinanlegget Sæterlia i Surnadal. Vêret var fint i starten, men då dei kom opp til om lag 700 meter var ikkje vêret like triveleg. Det var snøfokk og det hadde kome mykje nysnø dei siste dagane.

Hege Sæterbø Andersen med familie

Her er Brage nærast varden og så Sondre. Dette bildet er tatt på toppen av Syltnebba.

Foto: Privat

På veg ned att vart det tatt på alpinski og hjelmar. Gutane starta på turen nedover litt før mamma Hege, som skulle putte noko i sekken. Ho hadde gitt klare instruksar.

– Eg sa dei skulle renne rett fram. Der var nemleg ein skrent til venstre og litt bratt til høgre. Snøfokket gjorde sitt til at sikta var redusert, seier Hege Sæterbø Andersen.

Såg kvar broren tok vegen

Yngstemann Brage var først og storebror Sondre kome like bak. Han hadde sett at skredet starta, så han visste også kvar han hadde sett veslebroren sist. Då mamma Hege kom til området såg ho ikkje spor av Brage, men dei starta å grave i området der han sist var sett av storebroren. Etter kort tid fann dei ein stav, og den staven sat fast på handa til guten.

– Då vi fann staven, kom vi også kjapt fram til hjelmen og fekk han ut av skredet. Brage var redd og sa: – Mamma få meg ut herifrå.

På spørsmål om kor stort skredet var så er Hege usikker. Ho har tenkt seg opp igjen i området i dag for å sjå nærare etter.

– Ein aldri kan vere forsiktig nok på fjellet. Også i område der det vanlegvis ikkje går snøskred så ofte. Men med forholda som var sist helg med vind og ein god del nysnø, så er det viktig å følge godt med, seier Hege Sæterbø Andersen.

Hege Sæterbø Andersen med familie

Her er Brage til venstre og Sondre til høgre. På tur opp til Syltnebba.

Foto: Privat

Skryt frå Røde Kors

I etterkant har Hege fått melding frå det lokale Røde Kors-laget som gir ros til gutane hennar for måten dei opptredde på. Dei gjorde alt "etter boka", skryt Røde Kors.

Brage (9) slapp frå turen med skrekken. Han hadde smerter i ein fot etterpå, men slapp frå det utan store fysiske skadar. Og den store helten var storebror Sondre (12) som gjorde alt rett og heldt roa då dei skulle lokalisere og grave fram veslebroren.