Hopp til innhold

Blei sprøytenarkoman da ho var trebarnsmor – reagerer på Støres nei til rusreforma

Eva-Brit Langva (49) frå Ålesund er skuffa over at Jonas Gahr Støre (Ap) seier nei til rusreforma. Som tidlegare sprøytenarkoman kjempar ho hardt for avkriminalisering av narkotika.

Eva-Brit Langva

Eva-Brit Langva (49) frå Ålesund kjempar for at narkomane skal få hjelp, ikkje straff.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Det var no kanskje ikkje uventa, men likevel svært, svært skuffande, seier Eva-Brit Langva frå Ålesund om partileiar Jonas Gahr Støre (Ap) sitt nei til den omstridde rusreforma.

Ho meiner narkomane må få hjelp, og ikkje straff. I løpet av kort tid raste livet saman for trebarnsmora på Sunnmøre og ho blei sjølv tung stoffmisbrukar i fleire år.

– Støre si avgjerd er ikkje basert på kunnskap, og det er trist, meiner Langva.

Eva-Brit Langva

Eva-Brit Langva frå den tida då ho var tung rusmisbrukar.

Foto: Privat / NRK

Arbeidarpartiet si haldning til rusreforma blei avgjort ved kampvotering fredag ettermiddag. Partiet følgde etter Støre og røysta mot å innføre rusreforma.

Trebarnsmor og søndagsskulelærar

Eva-Brit Langva frå Ålesund gifta seg tidleg og fekk tre barn, dreiv barnehage og var søndagsskulelærar. Men på kort tid gjekk alt over styr.

Ekteskapet sprakk, ho miste omsorga over ungane, miste jobben og hamna på køyret. I fleire år var ho sprøytenarkoman og budde på gata.

– Det går ikkje an å kome lenger ned, eg var blant dei som rusa seg kvar dag og heile tida. Eg har brukt år på å leite etter blodårer som kunne brukast til å stikke ein sprøytespiss i, seier Langva.

Enorm respons på Facebook-innlegg

I eit Facebook-innlegg som er delt og kommentert fleire tusen gongar dei siste dagane fortel ho korleis livet, i løpet av kort tid, rakna. Ho opplevde at møtet med politiet og helsevesenet berre gjorde situasjonen endå verre.

Skjermdump frå Facebook

Eva-Brit Langva frå Ålesund har fått stor respons etter at fortalde korleis ho gjekk frå å ha familie og jobb til å ende på gata som sprøytenarkoman.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– For ei pertentleg samfunnsengasjert kvinne, som var van med å bli behandla med respekt, var ferda mot avgrunnen sjokkarta, der forakta for kven eg var og tapet av menneskeverdet dytta meg utfor stupet, skriv ho i innlegget.

I dag er ho lokalpolitikar for MDG, som støttar rusreforma. Ho meiner vedtaket til Arbeidarpartiet er svært viktig.

Listhaug åtvarar mot rusreforma

Men rusreforma er omstridd. Påtroppande Frp-leiar Sylvi Listhaug åtvarar mot reforma og hevdar han signaliserer at narkotika er greitt.

Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

Påtroppande Frp-leiar Sylvi Listhaug er sjølv snart tenåringsmor, og fryktar konsekvensane av rusreforma. Ho meiner reforma signaliserer at narkotika er greitt, og er redd for konsekvensane for unge folk.

Foto: Stian Lysberg Solum

Listhaug har straks sjølv ein tenåring i hus, og trur det kan vere vanskeleg for unge å skilje mellom avkriminalisering og legalisering.

Også fleire lokallag har vegra seg for å ta standpunkt i saka, og også Ap-leiar Jonas Gahr Støre har halde korta tett til brystet.

Håper på betre liv for narkomane

Eva-Brit Langva i Ålesund er likevel ikkje i tvil om at ei rusreform må til no, og skriv i Facebook-innlegget at ho sjølv har vore rusfri i snart ti år.

Ho har kontakt med borna sine igjen, og har blitt sambuar. På dagtid jobbar ho i Kirkens Bymisjon.

Ho har håpt for eit fleirtal i Stortinget for rusreforma, og meiner det vil gje andre narkomane eit enklare liv.

– Lyttar du til dei som enten er tunge rusavhengige, eller ungdom som har falle utanfor, så er det klart ei rungande bønn med: ver så snill, slutt å straffe oss, begynn å hjelpe oss i staden for.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL