Politiet blei dermed kopla inn, og dei ga den ubodne gjesten alternativ overnatting. Same adressse fekk ein mann i 50-åra. Han blei funnen sovande i vegbana i Ålesund sentrum.
I same by måtte politiet også ta seg av eit slagsmål. Ein person blei slått i ansiktet, men politiet fekk raskt kontroll på to gjerningspersonar.
Tre personar blei dessutan viste bort frå Ålesund sentrum fordi dei var sterkt rusa.
Leiteaksjon
Like før midnatt blei det sett i gang søk etter ein sakna 17 år gamal gut i Kristiansund. Men aksjonen blei raskt avslutta då guten blei funnen etter kort tid. «Alt vel», opplyser politiet.
Seint i natt blei ein mann tidleg i 20-åra stoppa på E39 på Mjelve i Molde. Han er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand.