Hopp til innhold

Sommeråpent-turné startar i Valldal

I år skal eit reportasjeteam frå Sommeråpent på NRK1 ut på turné, og første stopp blir i Valldal!

Sommeråpent - bilreporterar

Bilreporterane i Sommeråpent 2014: Frå venstre: Olav Viksmo Slettan, Nora Thorp Bjørnstad, Ronny Brede Aase, Ida Nysæther Rasch, Magnus Brenna Lund og Pål Plassen.

Foto: NRK

Frukt- og jordbærbygda på Sunnmøre blir startpunktet for Sommeråpent sin rundtur i sommar tysdag 8. juli. På det tidspunktet er truleg både jordbær- og morellebærsesongen på det mest hektiske, så her skal Valldal få vist seg frå si beste side på fjernsynet.

Fungerende ordfører i Norddal, Per Magnus Berdal

Per Magnus Berdal er fungerande ordførar i Norddal kommune

Foto: Frode Berg / NRK

–Vi er veldig takknemlege og fornøgde med at Sommeråpent vil besøke kommunen vår. Det ser ut til å bli ein svært god jordbærsesong i år, og 8. juli er plukkinga truleg på sitt aller mest intense, seier fungerande ordførar i Norddal, Per Magnus Berdal.

Valldal

8. juli sender det populære sommarprogrammet frå fagre omgjevnader i Valldal i Norddal.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Om sommaren er det stor trafikk gjennom både Valldal og Norddal kommune elles, der dei ligg midt på den nasjonale turistvegen mellom Geiranger og Trollstigen. Berdal håper også at nye attraksjonar i kommunen som Valldal Aktivitetspark (som opnar 1. juli), det utvida kraftmuseet i Tafjord (opnar 19. juni) og nonneklosteret i Norddal skal få ekstra merksemd når Sommeråpent kjem på besøk.

Frå Valldal skal NRK-teamet på fem tråkle seg vidare vest, sør, aust og så nordover for å ende opp i Tana i veke 33. I løpet av sommaren skal turneen innom 30 stader i 16 av 19 fylke.

Gammal folkevognbuss

Sommeråpent sitt team skal reise rundt I ein folkevognbuss frå 60-talet og levere rapportar til sendinga som elles blir avvikla frå Operataket i Oslo. På vegen skal teamet samle saman bilete og lage innslag frå reisa. I tillegg blir det direktebolkar frå stadane dei besøkjer, men ikkje heile sendingar.

Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase, kjend frå P3morgen på NRK P3, kjem til Valldal 7. juli.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Folkevognbussen var med som følgjebil i Paris-Dakar-rallyet to gongar i sin ungdom. Planen er at folk så snart dei ser bilen skal få gode sommarkjensler. Med i føgjet blir ein produksjonsbil og ein satellitt-sendebil blir også med i følgjet for å sørgje for at dei kjem seg på lufta frå rundt om i landet.

Kjende fjes

Det er Ronny Brede Aase frå P3 som startar som reporter i bil-teamet – og dermed blir å sjå i Valldal – medan Nadia Hasnaoui er programleiar i Oslo.

Sommeråpent 2014

Tore Strømøy, Dan Børge Akerø, Anne Rimmen, Atle Bjurstrøm, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui er programleiarar for Sommeråpent 2014.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Etter kvart blir ho i tur og orden avløyst av Haddy N’Jie, Atle Bjurstrøm, Anne Rimmen, Dan Børge Akerø og Tore Strømøy.

Dei andre bil-reporterane utover sommaren er Ida Nysæther Rasch frå Sporten, Nora Thorp Bjørnstad frå Dagsrevyen, Olav Viksmo Slettan frå Nitimen/P1, Pål Plassen frå Norgesglasset og Magnus Brenna Lund frå NRK Østfold (bilete øvst i saka).