Hopp til innhold

Sommarope beredskapssenter i Geiranger

Det blir sommarope beredskapssenter i Geiranger. Det melder politiet i Møre og Romsdal.

Beredskapssenteret held ope kvar torsdag frå 13. juni og ut august klokka 13.00–16.00 som eit lågterskeltilbod for dei som har behov for å kome i kontakt med politiet i sommar, opplyser dei.

– Det er stor aktivitet i bygda på land og til sjøs om sommaren, og difor er det viktig at vi er synlege og tilgjengelege for fastbuande og besøkande både ute på patrulje og på beredskapssenteret, seier Tony André Gjerde, tenestestadsleiar for politiet i Sykkylven og Stranda.