– Det ser ut som at måndagen er den dagen med aller høgast temperatur, seier meteorolog Gunnar Livik ved Vervarslinga på Vestlandet.
Natt til måndag var det nesten tropenatt i Tafjord i Norddal kommune og fleire andre stader i landet. I Tafjord var berre ein liten tidel frå å tangere 20 grader natt til måndag.
Det flotte vêret har blant anna inspirert radiolyttarane til NRK Møre og Romsdal.
Vi fekk ein flaum av flotte sommarbilde, då dei bad om ein statusrapport frå dei som brukte dagen i solskinnet.
Fleire av bilda kan du sjå øvst i saka.
Del gjerne dine blinkskot på mail mr@nrk.no eller på MMS med kodeord MR til 1987.
Ingenting å grue seg til
Meteorologen kan også roe dei som fryktar hausten. Sommaren forlèt ikkje fylket med det aller første.
– Dei neste dagane vil temperaturen gå litt ned, men det er berre snakk om ein til to grader, seier Livik.
– Så det er meldt mykje bra ver! Nokre utsette stader kan det vere litt skarp vind dei neste dagane, men elles skal det vere bra ver, seier Livik.