Hopp til innhold

Som ung kunne ikkje Marit sjå føre seg ei framtid i heimbygda – no er ho tilbake for å feire pride

Marit Sjøsæter flytta heimanfrå som student og såg seg aldri tilbake. Som skeiv var ho redd ho ville bli ein «sjeldan attraksjon» i heimbygda. Etter 33 år ute av skapet var ho tilbake i Surnadal då pride blei feira for første gong.

Pride Surnadal, Marit Sjøsæter.

HISTORISK: Det var ekstra spesielt for Marit Sjøsæter å kunne delta då Surnadal Pride blei arrangert for første gong. Sjølv flytta ho frå heimbygda då ho var ung.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg kunne ikkje tenkje meg å bu her den tida. Marit Sjøsæter tenkjer tilbake til Surnadal på 1980- og 90-talet.

Her vaks ho opp, men som ung homofil såg ho ikkje noko framtid i heimbygda. Fyrst då ho flytta til Trondheim for å studere fortalde ho nokon om legninga si. Då ho fortalde det til foreldra sine, så var dei mest bekymra for korleis bygda ville behandle dottera.

– Eg var veldig forsiktig dei fyrste åra, seier Sjøsæter.

Historisk pride

Sidan den gang har ho budd mange år i Oslo.

Denne helga var ho tilbake for å gå i parade under tidenes fyrste Surnadal Pride.

– Det er utruleg. Det følast som ein historisk dag, seier Sjøsæter.

Pride Surnadal bilder

STOLT: Marit Sjøsæter følte seg stolt på vegner av heimbygda etter paraden.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

På ei veke

Ei anna stolt dame etter paraden var politikar og tidlegare ordførar Lilly Gunn Nyheim. Ei veke før arrangementet fekk ho ideen til å feire pride i Surnadal. Nyheim fortel at viljen til å få det til var stor, sjølv om dei hadde kort tid til planlegging.

Tidlegare Surnadal-ordførar, Lilly Gunn Nyheim, er ein av arrangørane av pride i Surnadal.

INITIATIVTAKAR: Lilly Gunn Nyheim fekk saman med kompisen Kim Thoresen Vestre ideen om å halde pride-festival i Surnadal. Ho er overvelda over responsen etter berre ei veke med planlegging.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg er så stolt av alle innbyggarane som er med på å vise at dette er ein raus og inkluderande kommune, seier ho.

Nyheim trur dette kan vere med på å forandre bygda.

– Det at vi har nådd ut til så mange, og at vi har med oss ungdommen. Eg blir rørt når både raudruss og svartruss kjem å spør etter regnbogeflagg.

Etter paraden var det pridefest. Nyheim fortel at festen utvikla seg til å verte ei stor idemyldring. Deltakarar diskuterte over borda, og kom med forslag til korleis dei kunne gjere Surnadal Pride enda betre.

– Det er ikkje eit spørsmål no. Det blir pride i Surnadal neste år òg, seier Nyheim.

Surnadal pride.

KLINTE TIL: Desse karane feira pride og klinte til under paraden.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Positivt og viktig

Inge Alexander Gjestvang, leiar i organisasjonen i FRI, ser på det som positivt og viktig at også dei mindre stadane i Noreg vel å arrangere pride.

Inge Alexander Gjestvang, hvit mann ikledd svart jakke, grå genser med hvit skjortekrage brettet over kanten. Ser inn i kamera, ikke smilende.

VIKTIG: Det skal ikkje vere nødvendig å flytte til ein større by for å vere den du er​​​​​​​, seier Inge Alexander Gjestvang i FRI.

Foto: Pressefoto / FRI

– Bygdepride Ørsta/Volda opna låvedøra for pride på fullt gap også på bygda, så det har kome mange små og store pride-markeringar sidan den tid.

Gjestvang fortel at FRI ønsker at folk som bryt med normer for kjønn og seksualitet skal kunne bu over heile landet, og at det er viktig å sørge for at dei kan leve gode, skeive liv, også på mindre stadar. Det skal ikkje vere nødvendig å flytte til ein større by for å vere den du er, seier han.

Det er nettopp det å føle seg velkomen og at ein høyrer til. Å sjå at heile bygda er med på å feire mangfaldet og kjærleiken er veldig sterkt. Det er noko vi ikkje kan ta for gitt. Det er framleis mykje motstand.

Gjestvang fortel at dei ikkje har tal på kor mange stader som markerer pride, fordi det stadig dukkar opp nye arrangement.

– Det er kjempekult at så mange no ønsker å feire pride, seier han.

Pride i Surnadal.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Kjennest som ei bygd på veg framover

For Marit Sjøsæter var dette ein dag ho vil leve lenge på. No håpar ho Surnadal Pride gjer livet lettare for dei unge i bygda.

– Det kjennest fantastisk å gå igjennom sentrum på denne måten. Eg er så stolt av heimbygda mi. Surnadal kjennest som ei bygd på veg framover. Eg trur det er ein betre plass å vekse opp på i dag, seier Sjøsæter.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL