NRK Meny
Normal

Trur på betring av laurdagsavis-kaoset

Kritikken mot transportselskapet Kvikkas har hagla etter at mange abonnentar ikkje har fått laurdagsavisene. – Målet er at det skal bli betydeleg betre, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Ketil Solvik-Olsen

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) trudde avisleveringa skulle fungere allereie første laurdagen, men tok feil. No trur han på ei løysing.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– I utgangspunktet var mi forventning at dette skulle fungere frå første laurdagen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Men avisleveringa har slett ikkje blitt slik ministeren håpa.

1. november tok Kvikkas over laurdagsdistribusjonen av 79.000 aviser i distrikta. Dei vann anbodet frå Samferdselsdepartementet i konkurranse mot Posten. Fleire laurdagar på rad har mange av abonnentane ikkje fått avisene dei har betalt for i postkassa si. Redaktørane fortvilar og har sett inn ekstratiltak for å ikkje miste abonnentar. Enkelte har køyrt ut avisene sjølve, andre har endra utgivingsdag til fredag.

Fryktar å miste abonnentar

Rune Sæbønes

Redaktør i Møre-Nytt, Rune Sæbønes, fryktar å miste abonnentar som fylgje av kaos med leveringa.

Foto: Møre-Nytt

Redaktør i Møre-Nytt, Rune Sæbønes, meiner at samferdselsministeren må rydde opp og stille strengare kvalitetskrav til distributøren. Sjølv om det har blitt betre, er det framleis fleire abonnentar i Ørsta-området som ikkje får avis på laurdagar.

– Det er trasig for dei som har betalt for ei vare dei ikkje får, seier Sæbønes. Han meiner situasjonen ikkje er haldbar og fryktar at abonnentane som gjentekne gongar ikkje får avisa, vil seie opp avisa.

LES OGSÅ:

Trur på betring

Solvik-Olsen er sikker på at situasjonen kjem til å betre seg. Han seier at han er oppteken av å bidra slik at abonnentane får avisene sine på laurdagar. Seinast i dag, måndag, har Samferdselsdepartementet hatt møte med mediebransjen og Kvikkas.

– Begge har ansvar for distribusjonen på litt ulike geografiske område. Difor må vi sørge for at dei har forståing for kven som har ansvar i kva for område, seier Solvik Olsen. Det er også viktig at dei har god tilgang til adressene og veit kvar postkassene står.

Avisbransjen har også sine eige avisbod i distribusjonsnettverket, Helthjem, som skal dele ut aviser i visse område. I nokre område har det vore usikkert om det er avisbodet som har ansvaret eller Kvikkas.

Solvik-Olsen meiner at det no er ein god dialog på gang og at det kjem til å bli mange møter denne veka for å rydde opp i problema.

– Målet vårt er at det skal bli betydeleg betre enn det var sist laurdag. Det er jo allereie betre enn det var første laurdagen, seier Solvik-Olsen.

Stig Kleive, daglig leder i Kvikkas

Stig Kleive er dagleg leiar i Kvikkas. Han seier at partane har kvar sine utfordringar som dei jobbar med å betre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bransjen jobbar saman

Dagleg leiar i Kvikkas, Stig Kleive, seier at heile mediebransjen er i endring og at Kvikkas berre er eit tannhjul i urverket.

– Vi og avisbransjen jobbar konstruktivt saman. Alle partar har sine ting som kan betrast, seier Kleive. Han meiner det er heilt feil å gi all skuld til distribusjonsselskapet, men seier at dei lærer fort og har betra seg kvar einaste helg sidan oppstarten.

– Ingen ynskjer at kundane ikkje skal få avisene. Alle vil ha fornøgde kundar, seier Kleive.