Hopp til innhold

Artistar hyllar songpedagog: – Har betydd mykje

Ho har hatt nokre av dei største stemmene i landet som elevar. Fleire av dei lever i dag av å synge.

Kvinne med rosa genser sitter ved et flygel

VED PIANOET: Solveig Håvik har vore songpedagog for fleire av landets største stemmer innan pop, klassisk og jazz.

Foto: Remi Sagen / NRK

Internasjonale popstjerner, nasjonale favorittar og nye stjerneskot.

Kva har dei til felles, anna enn at dei har gjort karrierar som vokalistar og kjem frå Sunnmøre?

Det er Solveig Håvik.

Den no pensjonerte songpedagogen har ei merittliste av dei sjeldne.

Promofoto av artisten Sigrid ifm. hennes andre album.
Sigrid Solbakk Raabe har gjort karriere som internasjonal popstjerne.
P3LIVE: Highasakite - Mother
Ingrid Helene Håvik er frontfigur i Highasakite. Ho er også dotter til Solveig Håvik og har hatt mor si som songpedagog.
Amanda Georgiadi Tenfjord
Amanda Tenfjord representerte Hellas i årets finale av Eurovision Song Contest.
Artist Natalie Sandtorv foran oransje vegg
Natalie Sandtorv er ein anerkjend jazzsongar, no også aktuell som popsongar under namnet Neon Ion.
Kvinne med gul bluse ser rett i kamera og har hodet på skakke
Stine Hole Ulla, klassisk songar som har blitt omtala som "den nye Sissel Kyrkjebø".

Lovord

Sigrid, for tida på turné, skriv i ein e-post at Håvik, saman med pianolæraren Johan Sewerin, er ein av hovudgrunnane til at ho driv med musikk i dag.

– Eg lærte masse nyttig vokalteknikk av Solveig, men det viktigaste var nok at eg blei oppfordra til å utvikle stemma mi og vere nysgjerrig på andre musikksjangrar.

Artist Sigrid Solbakk Raabe

Sigrid fortel at songpedagog Solveig Håvik og pianolærar Johan Sewerin har betydd svært mykje for henne.

Foto: Markus Indrebø Langlo / NRK

Det gjorde sterkt inntrykk på Sigrid første gongen Håvik spelte Eva Cassidy for henne.

– Eg er evig takksam for all den ikoniske musikken eg fekk høyre, skriv ho.

Ho er ikkje åleine om lovorda.

Norsk-greske Amanda Tenfjord representerte Hellas i finalen av Eurovision i år.

– Eg hadde ikkje vore der eg er i dag utan henne, seier Tenfjord om sin tidlegare songpedagog.

Amanda Tenfjord synger for Hellas i andre sceneprøve under Eurovision Song Contest 2022.

Amanda Tenfjord kom på ein åttandeplass i Eurovisionfinalen i Torino i mai i år.

Foto: EBU/Corrine Cumming

Smittande energi

Natalie Sandtorv jobbar for tida med eit bestillingsverk til årets Moldejazz.

Ho byrja med Håvik som fjortenåring og seier det har vore fundamentalt for henne.

– Ho gav meg trua på at eg hadde noko i musikken å gjere. Ho har betydd mykje for meg.

Ein annan tidlegare elev er Stine Hole Ulla. Ho var den første kvinna til å vinne TV-programmet Norske Talenter, berre 17 år gamal.

Ulla trur det er veremåten til Håvik som er nøkkelen til suksessen som pedagog.

– Energien hennar smitta over på meg og sikkert alle dei andre elevane ho har hatt. At ho var så oppriktig interessert i det ho gjorde, fekk meg til å ville øve mykje.

Kvinne med mørkt hår spiller på et flygel

Håvik har ikkje lagt heilt opp som songpedagog endå. Før finalen i Eurovision hadde ho Amanda Tenfjord på besøk. At fleire av elevane hennar har gjort karriere som songarar, synest ho er utruleg kjekt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fokuserer på det positive

– Eg blir heilt rørt, seier Håvik.

Ho synest det er rart at artistane stadig vekk nemner henne i intervju.

For sjølv meiner ho at det er ho som har vore heldig som har fått undervise så mange talent opp gjennom åra.

– Sjølv om talentet er der, så er det ikkje alle som klarer å leve av songen. Kva er oppskrifta di?

– Det finst ikkje noko oppskrift, men ein må vite at dette ikkje kjem av seg sjølv. Desse jentene har jobba knallhardt og har verkeleg hatt eit ønske om å leve av musikken.

Å ha fokus på elevane sine styrker har vore viktig for Håvik i karrieren.

– Når du finn noko bra hos ein elev, er det betre å fokusere på det, enn på det dei ikkje meistrar like godt.

Då vil det kome endå meir bra etter kvart, har ho erfart.

Kvinne med rosa genser og brunt hår ser i kameraet og smiler.

Det å vere ærleg med elevane, har vore ein grunnpilar for Håvik i karrieren som songpedagog.

Foto: Remi Sagen / NRK

Men nokre konkrete tips og triks for å trene opp store, stødige stemmer, er det likevel.

Varm opp!

Varm opp stemma med gode øvingar kvar dag. Slik unngår du å få songarknutar; skadar på stemmebandet.

– Ei god oppvarmingsøving er ei der du aktiverer både hovudklang og brystklang.

Finn di eiga stemme

Å «sleppe taket» og finne sine eigne stemmer, er noko Håvik og elevane har jobba mykje med.

– I staden for å tilpasse deg eit rom, må du tilpasse deg din eigen kropp. Du må jobbe med å senke strupehovudet for å unngå å få ei pressa stemme.

Eit tips for å få strupehovudet ned, er å gjespe. Då løfter du den mjuke ganen og senkar tungerota, fortel ho.

Forstå kva sjanger du syng

Du må kjenne til ulike sjangrar og vere bevisst kva sjanger du syng. Det er heilt essensielt, ifølgje eksperten.

– Sjå for deg at nokon syng den klassiske songen «Våren» av Edvard Grieg, med hås pop-stemme. Det vil bli veldig rart, ler Håvik.

Få fram bodskapen

Du må vere tydeleg og artikulert når du syng.

– Eg trur at dei som er flinke til å få fram bodskapen i det dei syng, også syng litt reinare.