NRK Meny
Normal

Sølv til Los Bandidos frå Rauma

Det blei ein flott 2.-plass til kokkelærlingane frå Rauma vgs. i den store finalen i Tine MatCup i kveld. Stor ære, kokkeknivar og kokebøker er premien.

sølvpremievinnarar frå Rauma i Tine

Glade elevar frå Rauma vidaregåande skule som har fått prov på at dei er mellom dei aller flinkaste i landet.

Foto: Johan Slettvåg Hoel

Dette har vore ein spanande dag for alle som heia på "Los Bandios"- gjengen frå Rauma. I veker og månader har fire elevar vore i hardtrening framfor den store finalen i Tine MatCup som har gått føre seg i Stavanger i dag.

– Oh, yes! Det blei ein fin, fin 2.-plass, strålar Håvard Onsøyen på telefon frå gallamiddagen no i kveld.

Med på laget hadde han medelevane Malin Sæter og Daniela Yasmin Holen. Ida Karin Romuld var med som stand- in i tilfelle nokon blei sjuke. Med seg hadde dei også ein trio med faglærarar frå skulen.

Malin, Håvard og Ida Karin er kokkeelvar, medan Daniela Yasmin skal bli servitør.

At skulen sikra seg sølv, gir sjølvsagt jubel og glede. Men likevel var det litt hardt å svelge at gullet hamna hos Strinda vidaregåande skole.

Tre elevar frå Rauma vgs

Spente elevar som alt i haust starta førebuingane til dagens finale.

Foto: Tine

– Det var gullet vi gjerne ville ha, men vi er sjølvsagt også godt nøgde med sølvplassen. Vi er jo ein liten skule og var mest som "under-dogs" i denne samanhangen. Så dette betyr veldig mykje, slår Håvard fast.

Til saman fem lag 30 frå heile landet var med i finalen. Og laget frå Rauma gjorde eit svært godt inntrykk på dommarane. Rykta går om svært gode tilbakemeldingar frå dommarane.

Menyen til elevane bestod av ein forrett med mellom anna reinsdyr og rømme. Hovudretten inneheldt sei, fløyte og saus. Det heile blei toppa med ein dessert laga av kefir, solbær og mjølkesjokolade.

Til sommaren er dei ferdige med Vg 2 og skal vidare ut i lære.

– Ein kjempebra start på læretida vår, konkluderer Håvard Onsøyen medan feiringa over sølvet ennogår føre seg i Stavanger.