Hopp til innhold

Solskjær: – Tar gjerne imot kvinneleg trenarkollega

Moldemanager Ole Gunnar Solskjær ser ingen grunn til at ei kvinne ikkje kan bli eliteserietrenar – på herresida.

Moldes Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er ein av Norges mest kjende trenarar. Han meiner det er plass til ein kvinneleg trenar i Eliteserien.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

– Eg er trygg på at Eliteserien hadde vore klar for det no dersom ein kvinneleg trenar hadde følt seg klar for det, seier Solskjær.

Trenarjobben i ein norsk eliteserieklubb er ein av dei siste mannsbastionane. Aldri før har ei kvinne fått innpass her.

TV-serie skaper debatt

I serien «Heimebane» på NRK spelar Ane Dahl Torp hovudtrenar for eit herretopplag i fotball.

Helena på pressekonferanse

I serien «Heimebane» på NRK spelar Ane Dahl Torp hovudtrenar for eit herretopplag i fotball.

Foto: Sjur Aarthun / NRK

Når det fiktive fotballaget Varg i Ulsteinvik rykker opp i Eliteserien, og samtidig mister trenaren sin, får Torps karakter «Helena Mikkelsen» sjansen til å bli norgeshistoriens første kvinnelege fotballtrenar på toppnivå. Men så langt er dette berre ein realitet på tv.

Sjølv om Solskjær meiner Eliteserien er klar for ein kvinneleg trenar, trur han likevel det kan ta tid før det blir ein realitet.

– Det er ingen som har lansert seg, og eg kjenner ikkje til nokon som har prøvd. Men det er mange flinke kvinnelege trenarar, seier han.

Serien «Heimebane» kan du sjå her.

Sterk mannskultur i fotballen

8. mars blir kvinnedagen markert over heile verda. Samtidig har «Heimebane» blussa opp i debatten om det er plass til kvinnelege trenarar i norsk toppfotball for herrar.

Hege Jørgensen, daglig leder i serieforeningen for kvinner

Hege Jørgensen skulle gjerne ha sett ei kvinne leie eit herrelag på toppnivå i Noreg.

Foto: Anders Fehn / NRK

Leiar i Serieforeningen for kvinnefotball Hege Jørgensen seier til NRK at det er ein utopi at ei kvinne skal vere hovudtrenar i øvste divisjon på herresida i dag. Ho har sjølv lang fartstid som spelar og dagleg leiar for Kolbotn IL. Éin av grunnane kan vere at kvinnefotball er ein ung idrett, trur ho.

– Sånn sett har ein kanskje ikkje fulgt resten av samfunnsutviklinga. Men det er ein ekstremt sterk mannskultur i herrefotballen.

Ane Dahl Torp snakka sjølv om det å vere kvinneleg fotballtrenar då ho besøkte Lindmo nyleg.

– For mange er det såpass utenkeleg at det har stoppa litt opp når eg har fortalt om rolla. Andre har spurt meg om det er ei komedie. Men det har i det minste starta ein diskusjon, sa Torp.

– Vil få mykje merksemd

Også den danske landslagstrenaren, Åge Hareide, trur «Heimebane» kan vere med på å påskunde prosessen med kvinnelege trenarar i norsk toppfotball.

Åge Hareide

Åge Hareide trur det kan bli vanskeleg for kvinner å kome i posisjon for trenarjobbar i norsk eliteserie.

Foto: Nikolai Linares / Scanpix Denmark / NTB scanpix

Han vil ikkje spekulere i når han trur norsk herrefotball kan få sin første kvinnelege trenar, men trur den første toppklubben som tilset ei kvinne, kjem til å få enorm merksemd.

– Det er ein spennande tanke og noko nytt, og eg trur mange vil følgje nøye med på kva ho gjer. Men eg trur det er vanskeleg for kvinner å kome i posisjon. Mange klubbar på toppnivå handplukkar den trenaren dei vil ha, og det har ikkje vore ein tradisjon for herreklubbar å vurdere kvinner, seier Hareide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL