Hopp til innhold

Solskjær: - Kuren er ikkje over

Etter ein tung periode tok Molde i går sin andre strake siger, då AaFK blei slått 2-0. Men manager Ole Gunnar Solskjær meiner at ikkje alt går på skinner.

solskjær

Ole Gunnar Solskjær kan bokføre seks poeng på dei to siste kampane.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Det er litt betre, men vi må fullføre kuren for å bli heilt frisk, seier Solskjær.

Laget er nummer åtte på tabellen, og det er ikkje godt nok for MFK. Laget har som mål å kjempe i teten, og ikkje minst å kvalifisere seg til spel i Europa.

– No har vi Odd og Strømsgodset i dei neste kampane, og det er sjølvsagt to veldig viktige kampar med tanke på at dei ligg før oss på tabellen.

I går blei Molde nok ein gong for sterk for fylkesrival AaFK. Og om MFK ikkje er fornøgd med si tabellplassering er ikkje ein kvalifiseringsplass og trede sist det sunnmøringane såg føre seg.

Molde har framleis taket på AaFK

– Molde-spøkelset lever for oss framleis, og det er skuffande. Vi må berre sjå framover, seier Trond Fredriksen, AaFK-trenaren.

Molde-Aalesund

Eirik Hestad var involvert i fylkesoppgjeret også i vår, og i gårsdagens kamp sette han inn 2-0 målet.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Han meiner det var ein jamn kamp, men vedgår at Molde vann fortent.

– Dei skåra to mål mot våre null, og det er det som avgjer kampar.

Eirik Hestad var den som langt avgjorde kampen med si 2-0 skoring, etter ein tabbe av AaFK-målvakt Andreas Lie.

– For meg personleg var det viktig å skore igjen, og det var også viktig for laget. Og ikkje minst er det godt å vinne ein slik kamp som betyr så mykje for fansen, seier Hestad.