NRK Meny
Normal

Solskjær til kristiansundarane: – Sorry folks!

Kristiansundaren Ole Gunnar Solskjær vil ikkje klare å gle seg dersom Kristiansund skulle finne på å slå Molde i opningskampen laurdag. Molde-trenaren synest likevel det blir litt kjipt å skulle øydelegge for KBK i første serierunde.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er synest det er litt kjipt å skulle øydelegge opningskampen for Kristiansund.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er kjedeleg å øydelegge festdagen dei håper på at det blir, eg må seie at det er den verste kampen det kunne vore for meg. Vi skal slå nyopprykka lag, men slår vi KBK får ikkje dei starten eg hadde ønskt dei skulle få. Så det er ikkje tilfeldig at forbundet sette opp denne kampen, opnar Solskjær i prat med NRK.

Molde-trenaren starta fotballkarrieren i Clausengen i nordmørsbyen – klubben som saman med Kristiansund Fotballklubb stifta toppsatsinga Kristiansund Ballklubb i 2003. No får Solskjær æra av å ønske KBK velkommen til øvste nivå i Noreg.

– Oppå der – den gamle KFK-banen – skal det alltid vere bortesiger! Eg er vaksen opp som Clausenengen-gut, så eg er vant til å juble for bortesiger der, flirer Solskjær.

Toler ein kommentar eller to

Molde-trenaren har tilhald i Kristiansund og trur ikkje det blir eit problem å gå på gata i heimbyen dersom Molde skulle vinne.

– Det blir mykje tøffare å gå på gata om vi ikkje vinn, det skal eg fortelje deg! Eg får eitt og anna stikk allereie no, fortel Solskjær.

– Du vil ikkje gle deg på KBK sine vegner om dei vinn?

– Det kan eg ikkje, eg er såpass dårleg tapar at det ikkje går, slår Solskjær fast.

Bestemor på kamp

For Molde blir 2017 fylt av lokal- og rivaloppgjer. Kampane mot Rosenborg har det vore sus over i mange år, før Aalesund mot Molde har blitt ein klassikar i seinare tid. No blir det lokaloppgjer mot KBK òg.

– Det er slik fotball skal vere! Med slike kampar kjem det ekstra folk, du får plutseleg med deg bestemor og barnebarn på kamp. Det er bykjensle og stoltheit, så det er mange derby vi gler oss til. Det blir fantastisk! seier Solskjær.

Den tidlegare Manchester United-spelaren mimrar til mang eit oppgjer mot Manchester City og Liverpool, men fortel at det var rarast å komme til Old Trafford og møte Manchester United som Cardiff-manager.

– Heile byen gler seg til denne kampen

– Etter det skal eg alltids klare å stå imot ein kommentar eller to frå ein "oppesen" kristiansundar, humrar Molde-trenaren, som fortel at han har gledd seg til opningskampen sidan han fekk terminlista.

– Heile byen har sett fram til denne kampen. Forhåpentlegvis blir den eit antiklimaks for kristiansundarane – sorry folks! avsluttar Solskjær.