Hopp til innhold

Solskjær vender tilbake

Ole Gunnar Solskjær reiste frå Molde til Manchester i 1996. I dag gjekk flyet andre vegen.

Ole Gunnar Solskjær med mesterliga-trofeet i 1999

Ole Gunnar Solskjær med mesterliga-trofeet i 1999.

Foto: PAUL ELLIS / AFP

Solskjær har hatt ei eventyrleg karriere sidan han debuterte for Clausenengen i heimbyen Kristiansund som 17-åring.

Lynkarriere

I 1994 vart han henta frå 2. divisjonslaget Clausenengen til Molde for 200 000 kroner.

Vegen frå Molde til landslaget var kort, og 1,5 år etter overgangen frå Clausenengen vart han henta av Sir Alex Ferguson til Manchester United.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær har spelt 67 landskampar og skåra 23 mål.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Solskjær spelte 366 kampar for Manchester United - og trass i at han kom inn som inbyttar i 150 av kampane - skåra han 126 mål for laget.

Stjernestatus

Superreserven opparbeida seg stjernestatus i den engelske storklubben. Han får kallenamnet «20LEGEND» av fansen. Det toppa seg i 1999.

Vinnarmålet i Champions league-finalen mot Bayern München kom to minutt på overtid.

Manchester United

Manchester United jublar over mesterligagull etter at superreserven-Solskjær har avgjort finalen.

Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

Ole Gunnar Solskjær kom inn ti minutt før full tid. United låg under 0-1. Teddy Sheringham utlikna 35 sekund på overtid, og halvanna minutt seinare skjer det.

Superreserven Solskjær styrer ballen i mål. 700 millionar sjåarar er vitne til at kristiansundaren avgjer mesterligaen som innbyttar - på overtid.

Sjå bilde frå karrieren til Solskjær her.

Trenar

Solskjær har mange gode år som superreserve i United. Men å vere fotballspelar på internasjonalt toppnivå er ikkje berre ein dans på roser.

Solskjær har problem med knea. Leddbandproblema fører han under kniven sju gonger, og i 2007 er det nok.

34-åringen legg opp som fotballspelar, men er klar for nye utfordringar som trenar i klubben han har vore så lojal mot i 11 år.

Han starta som spisstrenar i Manchester, men frå sesongen 2008 fekk han hovudansvaret for reservelaget.

Helten vender tilbake

I haust kjøpte han seg hus på fantastisk tomt i havkanten i heimbyen Kristiansund.

Rykta om heltens tilbakekomst fekk for alvor fart på seg.

Og 9. november 2010 gjekk det eit jetfly frå Manchester til Molde.

Kjelder:

Wikipedia

Store Norske Leksikon