Hopp til innhold

Solskjær varslar fleire bytter mot Sogndal

Molde-trener Ole Gunnar Solskjær seier han vil gjere fleire utskiftningar frå Leiga-kampen, når dei blå møter Sogndal laurdag ettermiddag.

Ole Gunnar Solskjær

Det har blitt nokre hektiske veker, med europacup og eliteseriekampar om ein annan. Tre dagar etter at Meisterliga-håpet blei sløkt, må slitne Molde-spelarar ut i kamp mot Sogndal på Fosshaugane.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

– Det er ei utfordring i seg sjølv med så kort tid mellom kampane, men denne utfordringa skal vi gjere det beste ut av, seier Ole Gunnar Solskjær til NRK.

Ekpo og Berg Hestad mot Legia

Emmanuel Ekpo og Molde gav alt borte mot Legia Warszawa.

Foto: Czarek Sokolowski / Ap

Molde-manageren og spelarane var onsdag i Polen der dei på surt vis. rauk ut i Meisterliga-kvalik mot Legia Warszawa

Returkampen i Polen blei spelt mellom fulle og aktive tribunar i høg varme, og etter kampen låg fleire spelarar rett ut.

Mentalt og fysisk utlada

– Det blir nok ein del bytter på laget, for det må det bli. Kampen i Polen var både mentalt og fysisk tøff, seier Solskjær.

Likevel, tre dagar seinare – laurdag klokka 15.30 – håper han på friske føter.

– Det verkar som gutane er klare mentalt. Dessutan får dei eitt ekstra døgn med kvile før dei skal springe ut på bana att, sa Solskjær fredag.

Magnus Stamnestrø

Magnus Stamnestrø har spelt seg til fast plass i Sogndal-drakta.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Stamnestrø: – Spesiell kamp

April var sist gang Molde og Sogndal braka saman på Aker Stadion. Då var det ein leigesoldat som kom i fokus, nemleg Molde-utleigde Magnus Stamnestrø.

Han blei bytta inn for Sogndal kort tid etter at han blei utleigd, før han ikkje lenge etter banka inn 2–0. Sogndal vann til slutt 2–1.

– Det var veldig artig. Det er alltid artig å score mål, sjølv om det blei litt spesielt sidan det var Molde, seier Stamnestrø til NRK.

Andre gangen 21-åringen frå Kyrksæterøra besøkte Møre og Romsdal som Sogndal-spelar, banka han inn 2-2 og eitt poeng mot Aalesund på Color Line Stadion.

– Det ser ut som eg trivst godt her i fylket, ja, flirer trønderen.

Saka held fram under bildet.

Stamnestrø scorar mot Molde

13. april kom Magnus Stamnestrø inn og scora mot klubben som leigde han ut. Stamnestrø scora 2–0 for Sogndal, kampen enda 2–1.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Spelt seg inn på laget

Han ser derimot ut til å trivast minst like godt i Sogndal-drakta. Etter 18 serierundar har det vorte 11 kampar på Stamnestrø. Sju av kampane er innhopp frå benken, men dei siste tre kampane har 21-åringen starta.

– Eg byrjar å kome i bra form, og håper eg kan bidra mykje framover. No fekk eg ein liten smell i ankelen sist helg, så vi får sjå no mot Molde, seier han..

Dersom Stamnestrø på ny er i startoppstillinga, blir møtet med gamleklubben spesielt.

– Eg møter på ein måte lagkameratar. I utgangspunktet blir eg her i sogndal ut året, før eg reiser tilbake til Molde. No er uansett fokus i Sogndal, og eg føler vi er godt budde. Eg trur på poeng, seier Stamnestrø optimistisk.

Magnus Stamnestrø

Stamnestrø har spelt seg inn på laget til Sogndal-trenar Jonas Olsson. Her er dei to etter 2-1-sigeren over Molde i april.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Kan gå forbi

Før kampen ligg Molde på 12. plass med 21 poeng. På niandeplass ligg Sogndal med 23 poeng. Laget frå Romsdal klatrar forbi med siger, medan Sogndal får ei luke på fem poeng med siger.

At Sogndal kan få ein fordel av at Molde spelte europacup onsdag trur ikkje Stamnestrø så mykje på.

– Molde har såpass mange gode spelarar at dei roterer på laget, og stiller friske og klare til dyst.

– Kva må til for å slå eit Molde på veg mot forma?

– Vi må utnytte dødballane, for dei blir viktige. I tillegg må vi tette igjen defensivt og passe på småspelet deira, avsluttar Stamnestrø.