Hopp til innhold

Solskjær trur på medaljekamp for Molde

Ole Gunnar Solskjær er sikker på at Molde har god sjanse til å kjempe om medalje i årets eliteseriesesong.

Ole-Gunnar Solskjær

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær trur laget kjem til å vere med i medaljekampen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Etter 14 spelte kampar ligg Molde på ein førebels femteplass på eliteserietabellen. Framfor dei ligg Aalesund, Sarpsborg 08, Brann og heilt øvst tronar Rosenborg.

Måndag blei det poengdeling for Molde, då laget spelte 1-1 mot Strømsgodset. Sjølv Molde kunne ta med seg berre eitt poeng heim, sikra poenget at dei nærmar seg topplaga.

– Vi tapte ikkje kampen og vi er i god form. På siste fem kampane har vi fått 10 poeng. Held vi fram slik så skal dette gå bra, seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

Jaktar på medalje

Molde har gått over til å spele med tre spelarar bake og for å jakte på medaljane, har Solskjær planar om å halde fram med det dei gjer no.

– Vi skal bli meir og meir stabile og vi skal tru på det vi held på med, seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

Og de har heng på medaljen?

– Heilt klart. Vi har spelt veldig mange tøffe bortekampar. Om vi er flinke til å slå desse laga når vi møter dei heime, så får vi i alle fall heng på medalje.

Laster innhold, vennligst vent..