NRK Meny
Normal

- Ole Gunnar kjem i morgon

Ole Gunnar Solskjær kjem til Molde i morgon. Det stadfestar pappa Øyvind Solskjær til NRK.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær kjem i følgje pappa Øyvind Solskjær til Molde tysdag.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Alt tyder på at Ole Gunnar Solskjær blir presentert som Molde sin nye trenar i morgon - tysdag. Også britisk presse skriv at «Sunny» er på veg vekk frå Manchester United.

– Ja eller nei

Pappa Øyvind Solskjær seier til NRK at Ole Gunnar Solskjær er i England i dag, men at han kjem til Molde i morgon.

– Og då blir det vel enten ja, eller nei, då, seier han til NRK.

Solskjær takka tidlegare i haust nei til Molde, men no ser det altså ut til at han har fått eit tilbod han ikkje kan avslå.

Han har også kjøpt seg hus i heimbyen Kristiansund.

Taus

Klubbdirektør Tarje Norstrand Jacobsen er taus om kven som blir ny Molde-trenar, men mange kjelder rundt klubben seier at det er kristiansundaren som kjem til å leie MFK.

Avtroppande Molde-trenar Uwe Rösler går langt i å antyde at den nye trenaren er eit stort namn.

- Eg er sikker på at alt er på plass, og at klubben vil presentere ein dyktig trenar. Eg trur også han vil få mykje pengar å rutte med. Molde går ei lys framtid i møte, seier Rösler til NRK.

Har opna pengesekken

Molde-patriot og Aker-eigar Kjell Inge Røkke skal tidlegare ha gjort det heilt klart at han ikkje vil at Solskjær skal gå til andre norske klubbar enn Molde.

Dermed har Molde truleg fått handlingsrom både til ei gullkanta kontrakt med Ole Gunnar Solskjær, og han får også pengar til å forsterke stallen.

Tornekrattet takka Rösler

Tornekrattet takka Uwe Rösler av i siste kampen mot Stabæk søndag. No er dei sikre på at Ole Gunnar Solskjær blir ny Molde-trenar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Trur Solskjær kjem

Leiaren i supporterklubben Tornekrattet, Eva Britt Mauseth, er sikker på at Ole Gunnar Solskjær blir presentert som ny Molde-trenar i morgon.

– Det å få ein profil som han Ole Gunnar Solskjær hit til byen, er eit scoop. Eg trur det vil få voldsomme ringverknader i jubileumsåret.

Molde fotballklubb er 100 år neste år, og satsar på å kome tilbake i toppen av norsk fotball.