Hopp til innhold

Solskjær styrer Molde frå Manchester

MOLDE (NRK): Det er Erling Moe som skal styre Molde frå benken i vinter og vår. Men Ole Gunnar Solskjær har framleis mykje han skulle ha sagt – frå Manchester.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord-Molde (3-3)

TETT SAMARBEID: Erling Moe har vore hjelpetrenaren til Ole Gunnar Solskjær i Molde dei tre siste åra. No styrer Moe laget frå Molde, medan Solskjær har sitt han skulle sagt frå sin base i England.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Ifølgje Erling Moe sjølv har han framleis mykje kontakt med Ole Gunnar Solskjær, sjølv om sistnemnde også har mykje å gjere i England.

– Det er alltids nokre forandringar no når eg er hovudtrenar, men eg diskuterer jo med Ole Gunnar. Vi har ein kjempegod dialog med han. Det seier seg sjølv. Ole Gunnar skal jo tilbake hit når han er ferdig i Manchester, seier Moe.

Han legg til at ingen kan spå i glaskula, men han må berre halde seg til det som er avtala mellom Molde og Manchester United.

– Meir aktuell no

Molde starta oppkøyringa i dag. Planen er at Solskjær skal heim til Norge og trene Molde igjen frå mai av, men kva dersom Solskjær gjer det så godt i England at han blir spurt om å halde fram trenargjerninga der?

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær har stor suksess som mellombels Manchester United-manager.

Foto: Geoff Caddick /afp / NTB scanpix

– Eg trur jo Ole Gunnar kjem tilbake til Molde i mai. Men han er nok endå meir aktuell til å halde fram no enn han var. Det kjem jo an på kva andre namn som er på lista, seier Vegard Forren til NRK.

– Kjem sterkare tilbake

Midtstopparen seier det kom brått på at Solskjær reiste til Manchester før jul, men uavhengig av kva som skjer frå mai av skal Molde alltids klare seg godt.

– At Ole Gunnar er der borte no er positivt for begge partar. Han kjem forhåpentlegvis tilbake sterkare i mai. Men vi har uansett eit veldig sterkt team her, seier Forren

Vegard Forren

Vegard Forren reknar med Ole Gunnar Solskjær kjem tilbake i mai.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han er sjølv Manchester United-supporter og gler seg over framgangen til raudtrøyene etter at José Mourinho forlèt skuta.

– Eg er ikkje overraska over at Ole Gunnar gjer det godt der borte. Han er flink til gi spelarane både fridom og ansvar. Det var kanskje det laget mangla. Eg håper det held fram. Om Ole Gunnar gjer det så godt at han ikkje kjem tilbake så er det heilt greitt det også, meiner Forren.

– Håper han får halde fram

At Erling Moe skal vere vikartrenar i Molde er problemfritt, meiner midtbanespelaren Magnus Wolff Eikrem.

Magnus Wolff Eikrem

Magnus Wolff Eikrem håper Ole Gunnar Solskjær får halde fram i Manchester United.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg har stor respekt for Erling. Eg har hatt han som trenar sidan eg var 14–15 år. Erling har også samarbeida med Ole Gunnar lenge. Dei har dei same ideane, seier Wolff Eikrem.

Som sjølv har spelt på reservelaget til Manchester United under Solskjær. Wolff Eikrem håper Solskjær gjer det så godt at han får halde fram på Old Trafford.

– Eg håper han gjer det så godt at han får halde fram. Det har jo gått veldig bra så langt, men ein veit aldri, meiner Wolff Eikrem.

Erling Moe

Erling Moe leia årets første Molde-trenar. Han skal styret laget til Ole Gunnar Solskjær etter planen kjem tilbake frå England i mai.

Foto: Roar Strøm / NRK