Solskjær kan treffe sin eigen son på bana

Noah Solskjær (19) håper å få speletid når Kristiansund møter pappa Solskjærs Manchester United til treningskamp.

Ole Gunnar Solskjær og Noah Solskjær

Når Manchester møter Kristiansund i treningskamp, kan det blir Solskjær mot Solskjær.

Foto: fotomontasje

Noah Solskjær har vore på vanleg fotballtrening med lagkameratane på Kristiansund sitt 18-årslag. Dei siste vekene har han også trent med A-laget. No drøymer han om å få komme ut på bana når KBK skal spele treningskamp mot verdsstjernene på Manchester United, der pappa Ole Gunnar er manager.

– Det hadde vore artig å få spele, seier Solskjær junior.

Kampen blir spelt på Ullevaal stadion tysdag.

Sjølv om heile Kristiansund nesten kokar før kampen, blir det ikkje snakka meir om det legendariske møtet heime hos familien Solskjær enn andre kampar, ifylgje 19-åringen.

– Etter å ha sett slike storkampar, har eg blitt vant til det, seier Noah.

Klubben i hjartet

Ole Gunnar Solskjær er oppvaksen i Kristiansund og han seier stadig at KBK er laget i hans hjarte. Han har jobba i lang tid for å få i stand denne kampen under Norway-cup neste veke.

Kristiansundtrenar Christian Michelsen gler seg til dette eventyret av ein kamp.

– Heile denne kampen er surrealistisk for oss. Det er eit nytt høgdepunkt i ei lang eventyrhistorie med KBK, seier Michelsen. Kristiansundlaget spelte sin første sesong i 2004 og i 2016 rykte laget opp i Eliteserien.

KBK slo Molde

Trenar Christian Michelsen seier at kampen tysdag blir surrealistisk.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Ein realitetssjekk

No står spelarane i kø for å få speleminutt i denne heilt spesielle kampen. Trenaren meiner at dei fleste kjem til å få spele og få smake på opplevinga. Og sjølv om han aldri røper laguttaket før ein kamp, utelukkar han ikkje at Solskjær kan møte sin eigen son.

– Noah er ein av dei som truleg blir med nedover og så får vi sjå. Han er ein ung fremmadstormande kar, seier Michelsen.

For Kristiansundlaget betyr ikkje resultatet av kampen noko. Trenaren meiner det blir bra at spelarane får testa kva nivå dei ligg på samanlikna med stjernespelarane.

– Vi har svoltne, unge og ambisiøse spelarar som har lyst å bli så gode som dei kan bli. Det er klart dei får ein målestokk og ein realitetssjekk, seier Michelsen.

Drar uansett

For Noah Solskjær er planen klar tysdag.

Han drar til Oslo uansett om han får spele eller ikkje.

Korleis kjem far din til å reagere dersom du scorar då?

– Han hadde sikkert synest det var kjekt, seier Noah Solskjær.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær er stolt over å kunne ta med spelarane sine til Noreg.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix