Hopp til innhold

Solskjær har signert kontrakt med Kristiansund

Noah Solskjær går i fotspora til pappa Ole Gunnar Solskjær. Han har no signert proffkontrakt med eliteserielaget Kristiansund BK.

Noah Solskjær.

DEBUT: Noah Solskjær fekk komme på bana etter 85 minutt mot Manchester United. Det var hans første kamp med A-laget til KBK.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Eg gler med til å vere ein del av dette laget. Det er ei veldig fin spelargruppe, seier Noah Solskjær ifølgje klubben si heimeside.

20-åringen har signert ei kontrakt på eitt år med Kristiansund Ballklubb. Sidan 2014 har han vore tilknytta KBK og NEAS-akademiet.

– Noah er ein intelligent fotballspelar, som kan ha fleire roller i midtbaneleddet, og han har ein god venstrefot, seier sportsleg leiar Kenneth A. Leren.

No får han ein profesjonell kontrakt med klubben. Sjølv håpar han på at han får moglegheita til å spele nokre kampar.

Noah Solskjær har signert med KBK.

ARTIG: Noah Solskjær seier det blir artig å kunne få trene saman med gutane kvar dag. Han håper også han får sjansen til å spele nokre kampar.

Foto: Kristiansund ballklubb

Debuterte mot Machester United

Noah har vore på trening saman med A-laget til KBK sidan sommaren 2019. Han debuterte for A-laget til KBK mot faren sitt lag, Manchester United.

Det var enorm jubel då den 19 år gamle Solskjær kom inn på bana etter 85 minutt. Pappa Ole Gunnar gjekk bort og ønska han lykke til i det han gjekk ut på bana.

Den gangen uttalte Ole Gunnar Solskjær til Dagbladet at han syns det var kjempeartig at guten får ei slik oppleving. Ifølgje faren skal Noah ha slite med skadar før han endeleg fekk debuten i fjor.

Noah Solskjær og Ole Gunnar Solskjær.

TRE BLAD SOLSKJÆR: Etter treningskampen den 30. juli i 2019, stilte Ole Gunnar opp saman med dei sønene sine til bilde.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Ole Gunnar Solskjær er oppvaksen i Kristiansund og han seier stadig at KBK er laget i hans hjarte. Då han fekk jobben som hovudtrenar i Molde FK i 2011, flytta han og familien heim til Kristiansund.