Hopp til innhold

Solskjær har landa i Molde

Ole Gunnar Solskjær er på plass i Molde. Like etter klokka 12.30 landa privatjeten frå Manchester på Molde lufthamn Årø.

Solskjær har landa.

Solskjær er på plass i Molde. Privatjeten frå Manchester landa like etter klokka 12.30.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Dermed er han tilbake i byen der karrieren hans tok av for alvor.

Solskjær i Molde

Styreleiaren i MFK, Erik Berg, ventar på at Ole Gunnar Solskjær skal gå ut av flyet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ingen kommentar

Ole Gunnar Solskjær vart tatt i mot av mellom andre styreleiar Eirk Berg i MFK og lufthamnsjef i Molde, John Offenberg, då han landa.

Med på flyet var klubbdirektør Tarje Norstrand Jacobsen.

Solskjær ga ingen kommentarar til pressen som hadde møtt opp på flyplassen. Han vart raskt tatt med vidare i bilen til styreleiar Erik Berg.

Klart for pressekonferanse.

Det er klart for den mykje omtalte pressekonferansen på Aker stadion.

Foto: Baard-Ole Grøtta / NRK

Les også:

Stor dag for lufthamnsjefen

Lufthamnsjef, John Offenberg, fekk ta i mot Solskjær då han landa. Det synest han var stort.

– Det er veldig hyggelig å helse ein gammal fotballkompis velkomen tilbake på heimebane, seier lufthamnsjefen.

Og han er ikkje åleine om å ønske nordmøringen velkomen til Romsdal og Molde. Det er mange som har venta på Soskjær, og han er venta å få ein varm velkomst.

Les også : Mange ventar på Solskjær!