Hopp til innhold

Solskjær: – Vi var nok laget Tromsø minst av alt ville trekke

Bortekamp på Alfheim var ingen draum for Molde i NM-semifinalen. – Men vi har gode minne frå Tromsø i fjor, mimrar ein offensiv Ole Gunnar Solskjær.

Bortekamp på Alfheim var ingen draum for Molde i NM-semifinalen.

Molde møter Tromsø i semifinalen

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær meiner det er Tromsø som skal vere mest misfornøgde med trekninga.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Vi har lyst til å avslutte den norske sesongen med cupfinale. Sist gong Molde var i cupfinalen tapte vi for AaFK.

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær var ikkje sjølv med på tapet, men ser i spelargruppa at tapet sit godt igjen.

– Slike minne sit kanskje enda betre igjen enn når ein vinn. Det er mykje revansjelyst blant spelarane.

– De vil rette opp litt?

– I fjor gjekk vi til kvartfinalen, og i år blei vi einige om at vi ville til cupfinale. Det er eit naturleg mål for oss.

– No har vi ein god sjanse til å nå finalen, men før må vi slå Tromsø, seier Solskjær til NRK.no.

Avgjorde gullkampen i Tromsø

Av alle dei moglege utfalla cuptrekninga kunne få, var nok Tromsø borte det verste. Molde kunne fått Hødd på heimebane, med Ulstein-laget skal møte Brann på Høddvoll.

Likevel, Solskjær har gode minne frå Tromsø.

– Det blir ein spennande kamp, men vi har gode minne frå Tromsø i fjor, då vi meir eller mindre sikra seriegullet.

Samtidig snur Solskjær på krona, og meiner Molde var det verste Tromsø kunne få.

– Vi var nok laget Tromsø minst av alt ville trekke. Vi reiser til Tromsø for å vinne, seier Molde-trenaren.

Magne Hoseth

Magne Hoseth har vunne seriegull, men blei snytt for cupgullet mot nabo AaFK for to år sidan. Her er han under gullfesten i 2011, og i år vil Hoseth ha dobbelt opp.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

– Synd det blei bortekamp

Heller ikkje Magne Hoseth er livredd over Tromsø som semifinalemotstandar. At det ikkje blei heimekamp er ein større nedtur.

– Hadde vi fått heimekamp hadde vi nok drege 8-9-, kanskje 10.000. Så det er litt synd. Så mange kjem det ikkje i Tromsø, trur Hoseth.

Om kampen trur han det blir jamnt, men at Molde vil drage det lengste strået.

– Om vi skal vinne cupen så må vi uansett slå dei beste. Dermed var det litt likegyldig kven vi trakk.

– Fotballmessig er Tromsø eit lag vi er fullt på høgde med, og helst skal slå, avsluttar Hoseth.

Cupkampane blir spelt 26. og 27. september.

Mame Biram Diouf scorer 1-0 for Molde under cupfinalen.

Mame Biram Diouf scora 1-0 for Molde i cupfinalen i 2009. Aalesund kom derimot tilbake, og sendte Molde ned til cupsølv.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix