Hopp til innhold

Solskjær delte personlege erfaringar

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær snakka om eigen drivkraft og motivasjon då han gjesta SIKT-konferansen i Ålesund i dag.

Ole Gunnar Solskjær

Ein personleg Ole Gunnar Solskjær delte sine erfaringar under SIKT-konferansen i Ålesund.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Drivkraft og motivasjon blei sentrale tema under SIKT-konferansen i Ålesund tysdag. Konferansen, som blir arrangert på Sunnmøre denne veka, har som mål å samle unge leiarar og talent for å utveksle idear og inspirere kvarandre.

Molde-trenar og tidlegare Manchester United-spelar Ole Gunnar Solskjær var ein av dei som delte sine personlege erfaringar under konferansen. Til NRK fortalde han nærare om korleis drivkrafta hans har utvikla seg opp igjennom åra.

– Når eg var ung var det forbilde på tv og landslaget som var viktig. Lidenskapen, engasjementet og kjærleiken til fotball var drivkrafta mi.

Har endra seg

Då han pådrog seg ei alvorleg skade merka Solskjær at haldningane hans endra seg.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær på SIKT-konferansen i Ålesund.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

– Det var då eg verkeleg merka kva drivkraft var. Eg hadde ein son som var tre år då eg blei skadd, og kvar dag sa eg til meg sjølv at han skulle sjå meg spele fotball igjen.

Den suksessfulle Molde-trenaren fortel at det var viktig for han at sonen skulle hugse han som fotballspelar.

– Eg hadde sjølv ein far som dreiv med bryting, men som la opp før eg blei fødd. Ifølgje han sjølv hadde han ein fantastisk karriere, men eg hugsar den ikkje. Så det var nok det som inst inne var drivkrafta mi for å kome tilbake etter den lange skaden.

Frykta for å feile

Som trenar for Molde Fotballklubb har han vunne det norske seriemeisterskapet i fotball to gonger, i 2011 og 2012, samt cupmeisterskapet i 2013. I tillegg har han ei lang og rik karriere som fotballspelar bak seg. Men som mange andre har også Solskjær følt på frykta for å feile.

Solskjær scorer for Manchester United - mot Charlton 4-1

Ole Gunnar Solskjær har ei lang og suksessfull fotballkarriere bak seg.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Eg har hatt ei frykt for å feile og mislykkast ute på bana. Etter kvart skjønte eg at det verste som kunne skje var at eg blei bytta ut. Då får ein stå på under treningane slik at ein får sjansen igjen, seier han.

Men denne frykta kan også vere positiv, meiner Solskjær.

– Når eg blei skadd var drivkrafta mi at eg ville tilbake, men eg frykta at eg kanskje aldri ville spele fotball igjen. Så når eg då kom tilbake innsåg eg at eg måtte nyte kvart einaste sekund, seier han.

Inspirert av spelarane

I dag er det å vere trenar ei viktig del av drivkrafta hans, fortel Solskjær.

– No er drivkrafta mi å utvikle spelarane mine. Eg seier mine fordi eg føler dei er som sønene mine. Du har lyst å sjå at dei lykkast med karrierane sine, og at dei får det beste ut av potensialet sitt, seier han.

Solskjær fortel at han også let seg inspirerer av Molde-spelarane.

– Eg ser innsatsen deira på trening, og det gjer noko med meg. Eg får mykje energi av å vere på feltet med gutane mine, seier han.