Hopp til innhold

Solrik start på haustferien

Vêrvarslinga på Vestlandet lovar mykje fint vêr over heile fylket i den komande veka.

Sol
Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

Måndag markerer starten på haustferien for mange i Møre og Romsdal, og den komande veka ser ut til å by på mykje finvêr for dei som har fri til å nyte ferien.

– Måndag blir ein veldig fin dag med mykje sol og relativt høge temperaturar. Det blir rundt 15 plussgrader, og det er jo ganske bra til å vere oktober, seier Berit Hagen, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Også vinmessig ser det bra ut. Det er meldt austleg eller skiftande bris, held ho fram.

Fint utover veka

Også resten av veka ser det lovande ut.

– Møre og Romsdal får veldig mange fine dagar no framover. Både i morgon tysdag og onsdag er det meldt fint vêr, seier Hagen.

Kor lenge det vil vare er usikkert, men meteorologane ventar ikkje noko nedbør dei komande dagane, og med temperaturar på mellom 10 og 12 grader på dagtid ligg det godt an til fint utevêr den komande veka.

– Det kan vere litt skyer inne imellom, og vinden vil ta seg opp noko i løpet av veka, men stort sett blir det fint, seier meteorologen.