Hopp til innhold

Solholm ny fylkesmann

Lodve Solholm tek over som fylkesmann etter Ottar Befring.

Lodve Solholm
Foto: Ekornesvaag, Svein / SCANPIX

Tre nye fylkesmenn vart utnevnt i statsråd fredag, blant desse er Solholm i Møre og Romsdal.

Han tek då over for Ottar Befring, som har vore fylkesmann i Møre og Romsdal sidan 2002.

Befring skulle eigentleg gå av etter å ha nådd aldersgrensa våren 2008.

- Positiv, raus og kontaktskapande

Solholm utnevt til fylkesmann

Lodve Solholm vart utnevnt til fylkesmann i Møre og Romsdal fredag.

Foto: MMS- Sissel Helen Kvalvik / NRK

- Eg veit at vi i Lodve Solholm vil få ein positiv, raus og kontaktskapande fylkesmann, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i følge ei pressemelding frå departementet .

- Han har eit sterkt samfunnsengasjement og brei erfaring frå det politiske liv, står det vidare. Solholm er utnevnt på åremål, og skal site i jobben i seks år.

Sjå lista som Solholm no utvidar: Desse har vore fylkesmenn

Tidleg interessert

Allereie i desember 2007 sa Lodve Solholm at han ville bli fylkesmann . I dag vart det avgjort.

Solholm er fødd i 1949, og har vore stortingsrepresentant for Framstegspartiet i fire perioder. Fyrste periode for Solholm var frå 1989-1993. Deretter hadde han ei pause før han igjen kom inn i 1997. Sidan har han vore på Løvebakken.

Her kan du lese Lodve Solholm sin Stortingsbiografi .

Må fullføre stortingsperiode

Når han no tek over som fylkesmann blir det truleg etter han har fullført perioda som representant. Dermed blir det ikkje ny fylkesmann i Møre og Romsdal før etter valet hausten 2009.

Det var tre søkjarar til jobben som fylkesmann i Møre og Romsdal. Lodve Solholm, sysselmann på Svalbard Per Sefland og advokat Eilin Reinaas frå Molde. På førehand var det trudd at Sefland ville vere Solholm sin største utfordrar .