Solevåg klatra fleire plassar

Spjelkavik-alpinisten Sebastian Foss Solevåg klatra fleire plassar i andre omgangen i herrane sitt slalåmrenn i Kitzbühe, og enda til slutt på ein sekstande plass.

Sebastian Foss Solevåg

Sebastian Foss Solevåg enda til slutt på ein sekstande plass unders søndagens slalåmrenn i Kitzbühe.

Foto: Shinichiro Tanaka / Ap

Til trass for ein svak fyrste omgang avslutta Foss Solevåg knallsterkt i andre omgang av slalåmrennet i Kitzbühe og køyrde inn til ein foreløpig fyrsteplass. Han enda til slutt på ein sekstande plass.

Svenske Mattias Hargin vant slalåmen i Kitzbühel framfor Marcel Hirscher. Det var svensken sin fyrste verdscupsiger.

Svak fyrsteomgang

Solevåg hadde ei svak tid i fyrste omgang og køyrde i utgangspunktet inn til ein tiandeplass. Ved slutten av fyrste omgang låg han på tjuefyrste plass, 2,17 sekund bak Marcel Hirscher som leia rennet.

Solevåg var ikkje nøgd med eigen innsats etter fyrste omgangen.

– Det blei alt for pinglete. Eg er altfor feig frå start, og då går tida. Eg følte det blei for pent og defensivt heilt frå starten. Det blei rett og slett for snilt, seier Solevåg til NTB.

– Kva manglar?

– Eg må tørre å vere litt frakkare og stole på meg sjølv. Det betyr at eg helst må ha klaff gjennom dei fyrste portane. Den kjensla og sjølvtilliten mangla i fyrsteomgangen. Derfor går eg for å gjere finaleomgangen til eit fyrverkeri, held Solevåg fram.

Sebastian Foss Solevaag inn til foreløpig ledelse.
Foss-Solevaag 1.omgang

Sjå Solevåg sitt løp i fyrste omgang.