NRK Meny
Normal

Solemdal skal rette opp i feilskytinga

Synnøve Solemdal er spent framfor 15 kilometer skiskyting for kvinner i Østersund i Sverige etter for mange bom førre helg på Sjusjøen.

Synnøve Solemdal

Synnøve Solemdal (24) frå Tingvoll skuffa i sesongopninga.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

24-åringen frå Tingvoll tok sin første verdscupsiger i Hochfilzen i desember i fjor. I tillegg står ho med tre VM-gull – eitt på stafett, to på mix-stafett.

Men skiskytaren var skremt etter sesongopninga førre helg.

På Sjusjøen blei det 21.-plass i sprinten laurdag. Søndag blei det 19.-plass på fellesstarten for eitt av håpa bak suveren Tora Berger.

Ikkje på topp

Landslagssjef Per Arne Botnan meiner målsettinga framfor 15 kilometer skiskyting for kvinner i Østersund bør vere å gjere ein solid norsk innsats, og helst ha fleire på pallen.

– Vi bør i alle fall ha eit par stykker blant topp ti.

  • Sjå kvinnene sin 15 kilometer direkte på NRK2 og NRK.no frå klokka 17.00!

Synnøve Solemdal håper at den dårlege seongopninga ikkje vil ha så mykje å seie for rennet i Østersund onsdag.

– Eg føler meg ikkje på topp fysisk, men eg håper det kjem seg meir og meir for kvart renn eg går, seier 24-åringen til NRK.

– Lett å misse fokuset

Målet til Solemdal er å få gode opplevingar og kome i betre fysisk form. Etter Sjusjøen har ho prøvd å konsentrere seg om seg sjølv.

– Eg har eigentleg brukt mest tid på å slappe av, og så har eg jobba litt med hovudet for å få opp sjølvtilliten att.

Synnøve Solemdal

Det har blitt både opp- og nedturar for Solemdal dei siste sesongane. Nordmøringen var skuffa etter sesongopninga på Sjusjøen denne helga.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Nordmøringen håper at prosessen med å nullstille seg etter Sjusjøen vil gjere at ho vert meir fokusert under 15 kilometer-rennet i Østersund onsdag.

– Det er ikkje alltid eg konsentrerer meg om meg sjølv. Det er lett å misse fokuset når det kokar som mest og det er mykje som skjer rundt meg.

Skal tilbake i rennmodus

24-åringen, som har astma, har slite med dårleg pust i mange renn tidlegare. Ho hadde rett og slett for dårleg pusteteknikk.

Denne sesongen er derimot pusteteknikken på plass, etter visittar på Haukeland universitetssjukehus, tallause timar i pustemaskin og mykje testing.

– Eg skal kome godt i gang. Håpet er at eg går meg meir og meir i form for kvart renn som går.

På Sjusjøen merka ho plutseleg at no var det ikkje snakk om berre trening lenger.

– No må vi kome tilbake i rennmodus, seier nordmøringen.

Om ho ikkje har imponert i sesongopninga sjølv, har ho stor tru på lagvenninna Tora Berger.

– Eg tippar Tora blir av dei sterkaste skiskyttarane i år.