– Eg er veldig nøgd. Dette er mitt første NM-gull. Eg visste ikkje heilt korleis eg låg an på sisterunden og trudde eigentleg at eg var nummer to, men på oppløpet fann eg ut at eg leidde, og det var veldig herleg, sa Solmedal etter rennet.
Ho bomma ein gong, men var betre i sporet enn Ingrid Landmark Tandrevold som sikra sølvet, også med ein bom. Marte Olsbu tok bronsen, mens Fanny Horn Birkeland vart nummer fire.
Tora Berger gjorde eit lite comeback då ho og Nord-Østerdals tredjelag gjekk inn til ein sjetteplass på NM-stafetten torsdag. På sprinten fredag enda 35-åringen på ein 23.-plass.