NRK Meny

Solbakken går fri

Disiplinærkomiteen i FIFA har kome fram til at det ikkje er grunnlag for meir etterforsking av fotballagent Jim Solbakken frå Vestnes. Den juridiske avdelinga i fotballforbundet har sett på fleire overgangar Solbakken har vore involvert i, og sendt desse til FIFA. No har FIFA kome fram til at det ikkje er grunnlag for å opne disiplinærsak mot Solbakken.