Hopp til innhold

Sol over Veksthuset

Det er for lengst blitt ein tradisjon at rusbehandlingsinstitusjonen Veksthuset i Molde opnar dørene for publikum under jazzfestivalen.

Åpent hus på Veksthuset

Med gjestene kom sola!

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Veksthuset er næraste nabo til Kongebjørka, Fredslunden og Glomstua, og klokka 12 tysdag opna dei dørene for publikum for 15. gong under Moldejazz.

Då NRK Møre og Romsdal tidleg tysdag morgon snakka med Leif Sverre Hoel, prosjektleiar for arrangementet, hølja det ned. Men Hoel var trygg på at nettsida yr.no hadde rett, sola ville komme. Og då publikum strøymde til i hundrevis i 12-tida, kom også sola!

Åpent hus på Veksthuset

Dansarar frå Studio 11 ved Veksthuset

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Veskthuset sjølv, foreininga Veksthusets venner og Moldejazz vil at dei som er i Molde under festivalen skal få kjennskap til det tilbodet som eksisterer for rusavhengige som ønskjer å leve rusfritt. Her var informasjon om Veksthuset, her var eventyr og aktivitetar for barn og her var musikk og dans ved Jazzlogen og Studio 11. Og sjølvsagt kaker, svele og vaflar!

Åpent hus på Veksthuset

Mange besøkte Veksthuset tysdag

Foto: Gunnar Sandvik / NRK