Søkte med hundar etter Herner

To spesialtrena hundeekvipasjar gjorde torsdag søk i terrenget etter Maja Herner. Den 25 år gamle kvinna frå Polen vart meldt sakna i Ørsta 21. november. Søket torsdag gav ikkje resultat. Oppdraget vart utført etter tips om observasjonar av fugl.