NRK Meny

Søkte etter mann i Tresfjorden

Politiet sette i gong søk etter ein mann i 20-åra i Tresfjord i Vestnes kommune like etter klokka 18 i kveld. Mannen hadde gått på skogstur, og familien var uroa for helsa hans. Dei søkte med hund, mannskap og ambulansehelikopter. Halv ni blei mannen funnen og sendt til lege for sjekk. Han skal etter forholda ha det bra.