Hopp til innhold

Søkte etter havarist i natt

Redningsskøyta «Det Norske Veritas II» søkte i natt etter ein sakna mann i ein fritidsbåt ved Langevågsholmane i Sula. Både luftambulansen og brannbåt var med i søket. Luftambulansen klarte å lokalisere havaristen og redningsskøyta fekk tatt med seg både mannen og båten til land. Det var ein nabo av mannen som hadde meldt han sakna, då dei såg bilen hans framleis sto parkert i hamna, seint i går kveld. Mannen vart ikkje skada av hendinga, seier båtførar Johan Skyldstad ved «Det Norske Veritas II».