Hopp til innhold

Søksmål ved Ormen Lange

Selskap som er med på utbygginga av Ormen Lange, har brukt meir tid og pengar enn venta. Dette har ført til ei rekkje søksmål mot Hydro og Hydros underleverandørar.

Anleggsarbeid på Nyhamna.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Hydro er ansvarleg for den enorme Ormen Lange-utbygginga. Mange selskap arbeider for Hydro på kontrakt, og desse selskapa har igjen andre firma som gjer oppdrag for dei. Kven skal betale for dei ekstra utgiftene når oppdrag tar lengre tid og kostar meir enn det som var planlagt?

Fleire millionar ekstra per dag

I dag er det 500 fleire arbeidarar enn opphavleg planlagt som arbeider med å halde tidsfristen for anlegget, og det blir dyrt. Jan Emblemsvåg ved BI Ålesund seier at dersom ein legg kostnadssatsane for montørar til grunn, kostar det fort 2,5 - 3 millionar kroner dagen å halde 500 mann i arbeid.

Kven skal betale?

Hydro er no saksøkt av selskapet Vetco Aibel, som har ein kontrakt med Hydro på over ein milliard kroner. Vetco Aibel er igjen saksøkt av ein av sine underleverandørar. Informasjonssjef Magnar Hjøllo i Vetco Aibel seier at det er ei rekkje måtar å rydde av vegen usemje på, og søksmål ligg langt ute i den rekkja. - Dersom vi har auka kostnader på det arbeidet vi har forplikta oss til, kjem ikkje det kunden vår ved. Men dersom vi må gjere meir, eller gjer ein annan type arbeid, skal vi ha betalt for det, seier han.

Formalitet

Lars Bjelvin, informasjonssjef for Ormen Lange, seier at samarbeidet med Vetco Aibel er godt trass i søksmålet. Han ser på søksmålet som ein formalitet. - Dette er ein prosedyremessig mekanisme som ligg i alle kontraktar på norsk sokkel, seier han.

Fleire andre selskap som er med på Ormen Lange-utbygginga har også gått rettens veg med sine ekstrakostnader. Såleis har Skanska og NCC gått til søksmål mot Aker Stord, som er kontraktør for Hydro.

Endringar kjem alltid

Professor Arild Hervik ved Høgskolen i Molde seier at endringar undervegs er eit stort problem for olje- og gassutbyggingar. - Dette er store og veldig kompliserte prosjekt der ein ikkje har løysinga på alle tekniske problem når ein startar. Endringar må komme, endringar som krev meir tid og større kostnader, seier Hervik.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL