Hopp til innhold

Presten hyllar overgrepsutsette på sin heilt spesielle måte

Presten i Romsdal brukar meir enn preiker for å ta opp viktig tema. No heidrar han overgrepsutsette med ein rapp.

John Sylte, sokneprest i Vestnes og Fiksdal

HYLLEST: Sokneprest John Sylte har laga ei låt for å heidre personar som har blitt utsett for overgrep.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei fleste av oss er kanskje mest vand til å sjå prestar bruke preikestolen og kyrkjerommet for å få fram bodskapen sin. Men då soknepresten i Vestnes og Fiksdal ville sette fokus på overgrep, valde han ein anna metode.

– Prestar er jo som alle andre folk. Vi har ulik musikksmak og er opptatt av ulike ting. Eg har høyrd på rapp sidan 90-talet og det er min måte å uttrykke meg på så det blei naturleg å velje det, fortel John Sylte.

Inspirert av dei han møter

I heimbygda er han kjend for å vere den rappande presten. Sylte har tidlegare rappa i gudstenester og deltatt i Norske Talenter. Men dette er første gong han har tatt det verkeleg seriøst. Resultatet blei låten «Stridsmøya».

John Sylte, sokneprest i Vestnes og Fiksdal

Med låten «Stridsmøya» ønskjer soknepresten å sette fokus på eit viktig tema.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Inspirasjonen har han henta frå dei menneska han møter gjennom jobbkvardagen sin.

– Låten kjem frå alle samtalane eg har hatt med personar som har opplevd overgrep, både menn og kvinner. Nokre opplever det som barn, andre i vaksen alder. Ein tek eit viktig steg ved å snakke med nokon om det.

Sylte kallar den ein hyllest til overgrepsutsette.

– Det å få sprengt ei slik bombe i livet sitt, og så framleis gå framover, er sterkt. Eg ser på dei som krigarar. Det er ein hyllest til desse menneska og det helvete dei må gå gjennom, seier han.

Vestnes kyrkje

Som sokneprest har John Sylte møtt fleire personar som har utfordringar som følge av overgrep. No har han laga ei låt for å heidre dei.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Openheit er viktig

June Holm, grunnleggaren av Vi Tror Deg-stiftelsen, har i ei årrekke jobba for større openheit rundt overgrep. Ho rosar presten for å sette fokus på eit så alvorleg tema.

Då ho såg gjennom kven som hadde delt låten på Facebook oppdaga ho at nokon ho kjende hadde delt den og skrive; «Eg er ei stridsmøy».

June Holm, i Vi Tror Deg-stiftelsen

VIKTIG: June Holm meiner at å sette fokus på overgrep er viktig for å få fleire til å snakke om det dei har opplevd.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Når ein ser det så skjøner ein kva betydning ei slik låt kan ha. Og som overgrepsutsett sjølv så føler eg at ein kan kjenne seg igjen i låten.

Holm vektlegg at overgrep ikkje kan teiast i hel, men heller bør snakkast i hel. Ho fortel at mange føler på skam og skuldkjensle etter å ha blitt utsett for overgrep, noko som ofte blir forverra av å ikkje snakke om det.

– Når det i gjennomsnitt tek 17 år frå ein blir utsett for eit overgrep, til ein greier å snakke om det, så er det viktig med alle verktøy som kan vere med på å korte ned denne tida. Kanskje kan denne songen vere med på det.

Holm trur også at det er ekstra viktig med fokus på openheit i bygder og mindre lokalsamfunn.

– Det er i utgangspunktet utfordrande å snakke om overgrep. Eg trur dessverre at det også er endå vanskelegare å dele historia si på små plassar, enn i dei større byane der ein kanskje er meir anonym.

Les også Deira kamp har endra lova og fått fleire jenter til å gå til politiet med overgrepssaker

Kari Kolbotn og Stine Reksten.

– Tabu som må sprengast

Både Holm og soknepresten håper at låten kan gjere ein forskjell og få fleire som har opplevd overgrep til å snakke med nokon.

– Eg er sikker på at dess fleire som står saman og snakkar om dette, dess fleire kan få hjelp og finne tilbake til sin eigen verdi og styrke, etter å ha blitt utsett for eit så grovt traume som eit overgrep er, seier Holm.

– Det er eit for stort mørke til å halde det for seg sjølv. Det er eit tabu som må sprengast. Og om låten mi kan vere med på det, så er det fantastisk, seier Sylte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL