NRK Meny
Normal

Vil du lese bøker for Inger?

Bibliotek over heile landet søkjer etter leseombod.

Inger Skytterholm og Åslaug Evensen

HÅPER: Inger Skytterholm (88) og Åslaug Evensen ønskjer seg ein fast leseavtale.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Fløyte i kaffien, kake på bordet og pådekking med fine serviettar - det er mykje som skal på plass når det er lesestund på omsorgssenteret.

- No kosar me oss. Ja, du kan skjønne det. Me vert jo kjende med dei som kjem hit, og ein må verte glad i dei, seier bebuar Liv Olaussen.

HØYR REPORTASJEN HER: Søkjer leseombod

Artikkelen held fram under biletet.

Liv Olaussen, Johs Frøise og Reidun Tryggeseth

NYT: Liv Olaussen og Johs Frøise kosar seg når Reidun Tryggeseth les til dei.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Samlast annakvar veke

Pensjonerte Reidun Tryggeseth har vore leseombod på omsorgssenteret i to og eit halvt år. Ein time annakvar torsdag spanderer ho på dei eldre.

- Dette gir meg mykje glede. Eg ser at dei eldre kosar seg, og eg trur det er kjekt for dei å få inn nokon utanfrå, seier Tryggeseth.

Denne torsdagen går det i dikt av Inger Hagerup.

Likar dei kongelege

- Eg må passe på at det me les er kort og lettfatteleg. Det er ikkje vits å lese noko som går over fleire veker. Me les gjerne bøker frå før i tida, eller gjerne om dei kongelege.

- Ja, me likar dei kongelege. Me er litt nysgjerrige, skyt Liv Olaussen inn.

Men Tryggeseth kan ikkje vere overalt.

Håper å få ombod

I ein annan bydel i Ålesund må dei enn så lenge klare seg sjølve.

Åslaug Evensen jobbar i bukollektivet på Blindheim i Ålesund, og det hender ho rekk å ta ei lesestund.

Anne Marit Godal

SJEFEN: Anne Marit Godal.

Foto: Pressefoto

- Me les ofte små dyrehistoriar. Det likar dei eldre godt, seier Evensen.

Men dei tilsette har ofte andre ting på planen, og lesestundene vert gjerne avbrotne av andre gjeremål. Difor håper Evensen å få avtale med eit leseombod som kan kome til bukollektivet på faste tidspunkt.

Det ser Inger Skytterholm (88) lyst på.

- Eg synest det er kjekt å verte lese til. Då drøymer eg meg tilbake til barndommen, seier ho.

Treng ombod overalt

Det er mange som vil verte lese til.

Liv Olaussen, Johs Frøise, Reidun Tryggeseth og Jorunn Karlsson

Liv Olaussen, Johs Frøise, Reidun Tryggeseth og Jorunn Karlsson.

I dag er det 850 leseombod i heile landet.

- Me treng alltid fleire, seier dagleg leiar Anne Marit Godal i organisasjonen Leser søker bok.

Biblioteket i Ålesund har tre leseombod i stallen.

Molde og Kristiansund har ikkje ordninga i det heile.