Hopp til innhold

Søkjelys på asylmottak

Både brannvesenet og kommunelegen set no søkjelyset på asylmottaket i Molde. NRK har avslørt svært dårlege forhold for dei 20 asylantane som bur der.

Skite kjøkken på asylmottaket i Molde
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Både brannvesenet og kommunelegen vil følgje situasjonen tett ved Husly asylmottak i Molde. For i ein tv-reportasje i går avslørte NRK Møre og Romsdal det som mange meiner er svært dårlege buforhold: trange og skitne rom, dårlege toalett- og vaskeforhold, og vindauge som er vanskeleg å lukke igjen. Utlendingsdirektoratet er ikkje fornøgde, og Ola Sønderland, som driv asylmottaket, har fått frist til fredag med å ordne opp. Naboane ville helst at mottaket skulle stengje.

Hygieneingeniør Svein Kvakland, Molde kommune

Hygieneingeniør Svein Kvakland i Molde kommune.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Vurderer tiltak

Også brannvesenet og kommunelegen i Molde reagerer no:

- Vi vurderer no ulike virkemiddel. Leiinga for asylmottaket kan bli bedne om å utbetre fleire forhold. Dersom dette ikkje blir følgt opp kan det i siste instans bli aktuelt å stengje, seier hygieneingeniør Svein Kvakland i Molde kommune. Husly asylmottak er heimen til 20 utanlandske menn.

Vedgår manglar

Ola Sønderland, som driv asylmottaket i Molde, vedgår at forholda ikkje er som dei skal. Sjølv meiner han toalettvasken er alt for dårleg, og i dag gjekk han sjølv laus med kosten. No blir det vaksenopplæring i toalettvask:

- Vi må lære asylsøkjarane å vaske. Av og til skyl dei ikkje ned etter seg, ein gong. Vi må ta dei for oss kvar fredag og lære dei. Dette skulle vore betre, seier han.

Les meir om UDI sin kommentar til forholda ved Husly asylmottak i Molde:

- Dette er ikkje vanleg

Naboane vil helst stengje mottaket:

Naboar vil stenge asylmottak