Søker administrerande direktør

Helse Møre og Romsdal har no lyst ut stillinga som ny administrerande direktør. Føretaket har ansvar for den offentlege spesialhelsetenesta til 265 000 innbyggjarar i Møre og Romsdal. Espen Remme måtte tidlegare i år fråtre stillinga, og Nils Kvernmo tok foreløpig over direktørjobben.