Hopp til innhold

Avslutta søk etter at drivande båt vart funnen

I fleire timar har det pågått eit søk etter at det vart funnen ein drivande båt i fjøresteinane med motoren i gang i Søvika i Haram. Hovedredningssentralen avslutta søket og meiner personen om bord har gått i land.

Båt funnen drivande i Søvik

Laurdag morgon vart denne båten funnen drivande med motoren i gang.

Foto: Synnøve Havnsund Urkedal

Luftambulanse, redningsskøyte og NLA-båten «Nordskyss» blei sett inn i søket etter at båten vart observert klokka 09.50 laurdag morgon då han låg og slo mot land nord for Bjørnøya.

Hovudredningssentralen, som koordinerte søket, visste ikkje om båten har drive i land med personar om bord eller ikkje. I 14-tida vart søket avslutta, fordi vitne hadde sett at ein person i båten hadde gått i land.

Stolen båt

Søk utanfor Søvik

Eit helikopter er sett inn i søket etter at ein båt vart funnen drivande laurdag føremiddag.

Foto: Martine Brusdal

Båten vart funnen med motoren i gang og med tau som hadde festa seg i propellen. På grunn av at dei var usikre på om det hadde skjedd ei ulykke, vart også andre båtar i området bedne om å halde augene opne.

Også politiet var på plass for å sjå på båten, han er nemleg stolen frå Kristiansund.

Redningsleiar Johan Mannsåker fortel at dei har vore i kontakt med eigaren, som ikkje hadde sett etter båten sin på ei veke og difor ikkje var klar over at han var borte.

No ønskjer politiet å kome i kontakt med nokon som veit meir om kva som har skjedd med båten.

Båt funnen drivande i Søvik

Også redningsskøyta deltek i søket.

Foto: Synnøve Havnsund Urkedal

– Sidan båten er stolen er det vel ikkje så sannsynleg at vi får kontakt med vedkomande som tok han, men vi tek imot alle tips, seier operasjonsleiaren i Sunnmøre politidistrikt, Kenneth Sætre, til NRK.

Klokka 12.23 gjekk Sunnmøre politidistrikt ut med følgjande melding på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Søvik

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL