Hopp til innhold

Sofie (1) skadd av robotklippar: – Forferdeleg trist

ULSTEINVIK (NRK): Dottera deira vart hardt skadd av ein robotklippar. No åtvarar Benedikte Hatlø Håndlykken og Karl-Oskar Moldskred andre mot å la robotklipparen gå medan det er born i hagen.

Sofie fekk foten i robotgrasklipparen

Denne robotklipparen trefte og skadde Sofie Håndlykken Moldskred (1) tidlegare i juni. Foreldra er klare på at dei ikkje vil klandre nokon, men går ut med si historie for å åtvare andre med born.

Foto: Einar Orten Trovåg / privat

Vi trudde aldri at noko slikt kunne skje. Ho var på feil plass til feil tid, seier foreldra til Sofie Håndlykken Moldskred, som nyleg fylte eitt år.

No er jenta ute av sjukehuset, der ho måtte vere i to veker etter den spesielle hendinga 8. juni.

Det var Vikebladet Vestposten som først skreiv om saka.

Sofie leika ute i hagen i Ulsteinvik saman med sin tre år gamle bror då Benedikte Hatlø Håndlykken høyrde ein rar grinelyd.

Det viste seg at Sofie var påkøyrt av robotklipparen og var hardt skadd i høgrefoten. Bladet på klipparen hadde gått frå under fotbladet og oppover langs foten, som blødde.

Karl-Oskar Moldskred måtte kle av seg skjorta og spjelke foten.

– Vi vart redde, seier Benedikte og Karl-Oskar til NRK.

Tøflane til Sofie

Sofie hadde på seg tøflar då grasklipparen køyrde over føtene hennar. Slik såg dei ut etterpå.

Foto: Privat

Operasjon i Oslo

Etter ei lita stund kom ambulansen.

Først måtte dei til sjukehuset i Ålesund og deretter to dagar seinare til Oslo for operasjon, som vart gjennomført dagen etter.

Seinare låg jenta fleire dagar på sjukehus i Ålesund og fekk antibiotika, i frykt for at infeksjon i såret.

Det er ecolibakteriar både i jord og gras.

Gipsen skal bli tatt av på Rikshospitalet 10. juli.

– Ikkje ei leike

Geir Aandahl eig Mower Spesialisten og har selt grasklipparar i over 20 år. Han har aldri høyrt om nokon som har blitt skadd av ein robotgrasklippar.

– Eg synest det er forferdeleg trist. Det skal ikkje skje. Det bør vere krav om kva slags knivar som er lov til å bruke, seier han.

Robotgrasklippar

Robotklipparar har det etter kvart blitt vanleg å sjå i norske hagar.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Aandahl seier at grasklipparane han sel har korte knivar, og vil stanse før den gjer djupe kutt. Han er likevel tydeleg på at barn ikkje har noko å gjere i nærleiken av ein grasklippar.

– Eg ville ikkje latt barnet mitt leike på plenen medan den går, uansett modell. Det er ikkje ei leike, seier Aandahl.

Registrert éi hending tidlegare

– Alle produkt skal tilfredsstille krav til sikkerheit etter regelverket det fell inn under før dei kjem på marknaden.

Det seier avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Ann Christin Olsen-Haines.

Ann Christin Olsen-Haines

Ann Christin Olsen-Haines er fungerande avdelingsdirektør i avdeling for førebygging og sikkerheit i DSB.

Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

DSB har registrert éi ulykke tidlegare med robotgrasklipparar i databasen deira, og den er ikkje lenger i sal. Dei ber folk melde frå der dersom dei opplever uhell.

Klandrar ingen

Benedikte Hatlø Håndlykken og Karl-Oskar Moldskred hadde aldri sett for seg at ein robotklippar kunne gjere så stor skade.

Det einaste vi har høyrt om robotklipparane er at dei ikkje bør gå om nettene, slik at dei ikkje skal treffe piggsvin eller liknande. Vi hadde aldri tenkt tanken ein gong om at klipparen kunne treffe nokon av ungane våre, seier paret.

Sofie fekk foten i grasklipparen

HEIME IGJEN: Sofie Håndlykken Moldskred (1) er heime igjen etter å ha vore på sjukehus i nesten to veker. Foreldra Benedikte Hatlø Håndlykken og Karl-Oskar Moldskred er glade for at det etter forholda står bra til med Sofie, men det er for tidleg å seie om ho får varige mein.

Foto: Einar Orten Trovåg / NRK

Trass i manglande informasjon er dei likevel klare på at dei ikkje vil klandre nokon for det som skjedde.

Dei ønskjer berre å åtvare andre foreldre, slik at ikkje noko liknande skal skje med andre born.

Stoppar robotklipparen

Benedikte og Karl-Oskar kjem til å halde fram med å bruke robotklipparen i hagen, men dei kjem til å slå han av så fort ungane skal ut og leike.

Det er for tidleg å seie om Sofie Håndlykken Moldskred får varige skadar av dette uhellet.

Legane har fortalt foreldra at når jenta er ti år så merkar ho sannsynlegvis ingen forskjell på føtene sine, slik ho truleg vil gjere ei stund framover.

– Men etter forholda har Sofie det bra no, seier Benedikte Hatlø Håndlykken.