Hopp til innhold

Endeleg får publikum på Smøla hjelp – i form av ei absorberande nyvinning

Det har lenge vore kalla det store snufsespelet. For tårene kjem fort når historia om fru Guri av Edøy skal presenterast. No tek arrangøren ansvar – og lanserer det dei sjølve meiner er noko heilt nytt ...

Det har lenge vore kalla det store snufsespelet. For tårene kjem fort når historia om fru Guri av Edøy skal presenterast. No tek arrangøren ansvar - og lanserer det dei sjølve meiner er noko heilt nytt...

På Nordsia aktivitetssenter lagar dei klart det som fort kan bli både viktig og godt å ha under Gurispelet.

Leif Ole Hufset

Leif Ole Hufset frå Smøla kommune meiner Gurispelet er så gripande at folk treng tårehjelp.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

For no skal publikum endeleg få bukt med tårene. På Nordsia aktivitetssenter rullar, knyt, pakkar og danderer dei tilsette.

Det er «snufseklutar» som blir preparert.

Det er ein ny oppfinning, hevdar dei, og fem hundre snufseklutar skal hjelpe eit tårevått publikum under Gurispelet. Det startar torsdag 19. juli og varer til 22. juli.

– Folk seier alltid at Gurispelet er noko av det mest gripande dei har vore med på. Å sjå fru Guri av Edøy, seier Leif Ole Husfest, næringskonsulent i Smøla kommune.

– Så no tek de ansvar?

– Ja, no tek vi ansvar. Snufseklut skal vere tilgjengeleg for alle som treng det!

(Saka held fram under bildet)

Snufseklut

Snufesklutar til folket! Heile 500 klutar – skapt ut av lommetørkler – blir laga klare før Gurispelet 19.–22. juli.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Magien skjer på aktivitetssenteret

Alt er snart klart for eit nytt Gurispel, 23 år etter urpremieren på Smøla. Nyvinninga er då «snufseklut», og det blir produsert heile 500 stykk.

– Det er lommetørkle, det må vi innrømme.

– Men når dei no er i hendene på dei her på aktivitetssenteret, rulla saman og lagt fint oppi ein pose. Då blir det ein snufseklut, smiler Husfest.

Klutane er derimot ikkje det einaste ...

(Saka held fram under bildet)

Kari Dalen Nordseth

Kari Dalen Nordseth er ein av leiarane på Nordsia aktivitetssenter. Her er ho saman med Trond, ein av dei som jobbar på aktivitetssenteret.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Gåvedryss!

For «snufseklutane» får følgje, før folk som tek turen til Gurispelet og Smøla får dei i hende.

Skeptikarar skal lokkast med gratis konglomeratstein. Kari Dalen Nordseth er ein av leiarane på Nordsia aktivitetssenter, og hjelp til med pakking og rulling.

– Konglomeratsteinen, den er sett saman av mange andre steinar, som har festa seg saman. Ikkje sant, Trond?

– Ja, svarer Trond – som jobbar på aktivitetssenteret.

– På Smøla er det på Edøya, der Gurispelet er, at førekomsten av steinen er størt, seier Dalen Nordseth vidare.

Og etter kunnig klargjering, pakking og pynting er både snufseklutar, stein og anna klart. Då gjenstår det berre ein tur på Gurispelet på Smøla?

Gurispelet

Gurispelet har lange tradisjonar på Smøla. Her frå spelet tidlegare år.

Foto: Arkiv / NRK