Har oppdaga stor sprekk på toppen av Veslemannen

NVE har talt opp i alt 31 steinsprang frå det mest rasutsette fjellpartiet «Veslemannen» i Rauma siste døgn. No er det oppdaga ein 40–50 meter lang sprekk på toppen av fjellpartiet.

Geologane har oppdaga ein 40–50 meter lang sprekk på toppen av fjellpartiet Veslemannen.

Geologane har oppdaga ein 40–50 meter lang sprekk på toppen av fjellpartiet Veslemannen. Foto: NVE.

Farta på bevegelsane ved fjellet Mannen har blitt noko redusert torsdag, men dei er framleis høge. I øvre del er det registrert bevegelse på 73 cm det siste døgnet. NVE har bestemt seg for å behalde raudt farenivå ved Mannen. Det blei klart på ein pressekonferanse torsdag kveld.

Stor sprekk på toppen

Geolog Einar Anda seier til NRK har dei har oppdaga ein diger sprekk på 40–50 meter på tvers av toppartiet av «Veslemannen». Geologane ser tydeleg sprekka fordi det er snø i dette området av fjellet.

Geolog Einar Anda

Einar Anda, geolog i NVE.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Vi veit ikkje kor djup denne sprekken er, og enno usikre på om dette er starten på eit stort ras. Vi ser at det kjem mange steinsprang og småras frå dette området, seier Anda.

Det har totalt gått 31 steinsprang frå Mannen det siste døgnet. Det største gjekk frå den midtre delen av fjellpartiet, i 22.20-tida. Dette var på fleire hundre kubikkmeter. Bevegelsane i fjellpartiet har blitt noko mindre etter dette raset, men det blir framleis registrert steinsprang.

RAS: Sjå og høyr (hugs lyd) raset frå Veslemannen klokka 22.20 onsdag kveld.

Varme fører til snøsmelting

I øvre del er det registrert bevegelse på 73 cm det siste døgnet, og hastigheitene er no 62 cm i døgnet. I frontpartiet er det registrert bevegelse på 2–5 cm det siste døgnet, og hastigheita er no mellom 1,5-2,5 cm per døgn, opplyser NVE.

– Temperaturen har auka dei siste timane, og er no 10,5 grader. Sidan det framleis er snø i fjellet medfører dette snøsmelting, og vatn blir tilført fjellpartiet. Snødekket har minka med 15 cm sidan i går, fortel Anda.

Ettersom det også er meldt plussgrader dei neste dagane, og regn laurdag og søndag, forventar NVE at fjellpartiet vil ha høge bevegelsar framover.

Sjå forklaringsvideoen for kva som vil skje dersom det går eit ras frå fjellet Mannen eller Veslemannen:

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

Sjå forklaringsvideoen: Ingen veit når det vil kome eit større ras frå fjellet Mannen i Rauma, men geologane veit at det vil skje. På fire år har deler av fjellet, kjent som Veslemannen, flytta seg sju meter.

Kan bli langvarig evakuering

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma, opplyser at dei skal ha eit informasjonsmøte med dei evakuerte fredag. Så langt denne hausten har dei som bur under Mannen blitt evakuert fem gongar, og denne gongen går mot den lengste evakueringsperioden så langt.

Kommunen jobbar for å vareta dei evakuerte på best mogleg måte.

– Det ser ut til at det kan bli nokre ekstra dagar denne gongen, så vi i kommunen og geologane vil møte dei evakuerte fredag, seier Hustad.