Hopp til innhold

Ingen personar tatt av snøskred i Sykkylven

Etter å ha søkt gjennom heile skredområdet i Tuvdalen i Sykkylven, avsluttar politiet aksjonen. Redningspersonell vert flogne ned med helikopter.

Snøskred i Tuvdalen i Fjellsetra

Fleire redningspersonell var på staden og søkte gjennom området.

Foto: Robert Kvam / NRK

Då politiet fekk melding om eit snøskred i Tuvdalen i Sykkylven, vart både Hovedredningssentralen, Norske redningshundar, Røde Kors, skredgruppe og ambulanse varsla. Det vart meldt om skispor inn i området.

Etter at både helikopter og redningspersonell har søkt gjennom området, avsluttar politiet aksjonen.

– Vi er glade for at ingen vart tatt av skredet, seier operasjonsleiar John Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt.

Politiet veit ikkje kor tid skredet gjekk, men kan vere ein dag eller to gamalt.

Tuvdalen ligg ved siden av skitrekket på Fjellsetra. Det er eit populært frikøyringsområde. Skianlegget har avslutta sesongen og trekket er altså ikkje i drift.

– Eg såg at det hadde gått eit stort snøskred i Tuvdalen ca i 15-tida i dag, seier fotograf Robert Kvam. Han var på ein skitur på nabofjellet Auskjeret.

Tuvdalen, Sykkylven

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL