Snøskred i Geiranger

Vegen mellom Geiranger og Eidsdal er stengt grunna snøras. Ifølgje Hovudredningssentralen er eit redningshelikopter frå Florø sendt til Geiranger for å sjekke skredet. Men det er så langt ingenting som tyder på at folk er tatt av skredet.