Hopp til innhold

Her skulle dei ha gått på ski

Langrennsløparane i Emblem IL får ikkje trent med ski på beina. Mangelen på snø kan øydeleggje for rekrutteringa.

Emblem IL langrenn

Det er tre månader sidan langrennsløypene var trakka på Emblemsfjellet. Treningsvinteren har vore utfordrande for Sigrid Ertresvåg Jakobsen (15), hovudtenar Runar Korsnes (24) og Åsmund Ertresvåg Jakobsen (13) i langrennsgruppa til Emblem IL.

Foto: Jan Åge Sundnes

Sjølv om fleire nok set pris på at snøen held seg borte, er situasjonen ein annan for langrennsløparane i Emblem IL. Tre månader har gått sidan skiløypene på Emblemsfjellet sist var trakka. Mesteparten av utetreninga går føre seg på barmark.

– Det har vore ein utfordrande treningsvinter. Som langrensløpar må ein helst ha nokre timar på ski for at forma kan kome skikkeleg, seier hovudtrenar i langrennsgruppa, Runar Korsnes.

Heller ikkje vinteren i fjor baud på rikeleg med snøfall. Det gjer at trenaren er bekymra for rekrutteringa. Vert det lite snø neste år òg, kan det byrje å sjå skummelt ut for påfyllet av yngre skiløparar.

– No treng vi må ha ein god vinter for at rekrutteringa skal oppretthaldast. Det er verst for dei yngste, som ikkje kjem i gong. Dei som er 13 år gamle og oppover har interessa og vil halde fram, seier han.

Elghufs og spretten skigang

Mangelen på snø gjer at langrennsløparane er nøydde til å trene utan ski på beina.

– Korleis gjer de det?

– Vi prøver å trene slik at rørslemønsteret vert mest mogleg likt slik det å gå på ski. Vi har brukt elghufs og spretten skigang med stavar på barmark. Det er treningsvariantar som er ganske like diagonalgang på ski, forklarer Korsnes.

Langrennsløparar Emblem IL

Elghufs er ei god treningsform for skiløparar så lenge snøen manglar.

Foto: Jan Åge Sundnes

(Sjå video der langrennsgruppa trenar elghufs nedst i saka).

For å oppsøke snøen har løparane i langrennsgruppa reist til Strandafjellet og til Overøye i Stordal. Der har dei klart å ta vare på det vesle av snø som har kome, såpass at der har vore mogleg å gå på ski. Men no er det ikkje lenger skiføre der heller.

Det har Korsnes aldri før opplevd i februar, seier han.

Kan få konkurransesjokk

Kva konsekvensar får snømangelen for utviklinga til løparane?

– Det går veldig mykje på det tekniske. Dei får ikkje gått inn teknikken på ski ordentleg. Då er det lett å få sjokk når du plutseleg skal konkurrere og har gått litt for lite på ski, seier trenaren.

Situasjonen er ekstra vanskeleg då løparane snart skal gå hovudlandsrenn og konkurrere mot ungdom som har trent på snø i heile vinter.

Sigrid Ertresvåg Jakobsen er ein av medlemane i langrennsgruppa. 15-åringen kan huske å ha vore på Emblemsfjellet ein eller to gongar heilt i byrjinga av skisesongen, som var månadsskiftet november til desember i fjor. Ho meiner det er uheldig for utviklinga hennar at det ikkje er snø å gå på.

– Det er dumt at vi ikkje får gått på ski, men vi må berre prøve å halde fram med treninga, seier ho, og legg til at stavtreningane på grusveg ikkje gir skikjensla ho burde hatt.

Vil ikkje slutte med langrenn

Broren til Sigrid, Åsmund (13), har denne sesongen gått på ski på Bjorli, på Overøye samt litt på Strandafjellet. Han har òg i løpet av sesongen berre brukt skia eit par gongar på Emblemsfjellet. Det er uvant å få trent så lite på ski vinterstid, seier han.

– Vi kan jo gå på rulleski, så vi får jo inn litt teknikk. Og så har jo det vore litt snø. Men det vert ikkje det same når vi misser så mange treningstimar på ski.

Likevel vurderer ikkje Åsmund å slutte med langrenn.

– Nei, ikkje på grunn av snømangel. Eg skal halde fram, seier han og får støtte frå systra.

Eg får jo gått litt på ski. Eg synest det er såpass artig at eg tenkjer ikkje på å slutte, seier Sigrid.

Langrennsløparane i Emblem IL får ikkje trent med ski på beina. Mangelen på snø kan øydeleggje for rekrutteringa.