NRK Meny
Normal

Vil Russland ha Snøfrisk til OL?

Snøfrisk-osten frå Ørstameieriet er meir populær enn nokon gong. No sender dei osten til Russland og OL.

Snøfrisk

Snøfrisk-osten er populær i Russland.

Foto: Tine

 Bente Reklev, meierisjef i Ørsta

Dei tilsette ved Ørsta meieri produserte 2.300 tonn i fjor.

Foto: Tine

Ørsta-meieriet har sett rekord med Snøfrisk. I fjor blei det produsert ein million fleire beger enn året før.

Snøfrisk auka i fjor produksjonen med heile 120 tonn. Meierisjef i Ørsta, Bente Reklev seier at det er fleire grunner til auka, men betre marknadsføring har vore avgjerande.

Eksporten aleine auka med 70 tonn. Snøfrisk leverer jamt til Russland, men nyleg fekk Ørsta-meieriet inn ei bestilling på 750 store ostekasser.

– Vi har fått ei bestilling på eit parti Snøfrisk som høgst truleg går til OL i Sotsji, fortel den nøgde meierisjefen til Møre-Nytt torsdag.

Men ho veit det ikkje sikkert. Men russarane elskar den naturlege osten frå Noreg.

– Kundane våre i Russland ser på produktet som svært godt for helsa, seier Reklev til NRK.

Tine har auka satsinga på smøreosten Snøfrisk både innan- og utanlands. Geitemjølka, som er hovudingrediensen i osten, er stort sett kortreist. Den kjem frå Søre Sunnmøre, Nordfjord, Østerdalen og Valdres.

– Men geitemjølka er best i vest, seier meierisjefen.