Snøfriskeksporten nær halvert

Eksporten av den smørbare geitosten Snøfrisk, er meir enn halvert etter det russiske importforbodet av norske varer. TINE jobbar på spreng for å finne andre marknader.

Snøfrisk

Den smørbare geitosten produsert på Sunnmøre har gjort suksess i inn- og utland. Men osten som blei ein av favorittane til russarane, finst ikkje lenger på russiske matbord.

Foto: Tine

Den smørbare osten som blir produsert ved Tine-Meieriet i Ørsta, har blitt ein fulltreffar på den norske marknaden. I fjor laga dei rundt 50 tilsette ved meieriet nær 430 tonn av ostetypen.

For fire år sidan suste eksporten til Russland forbi salet til alle andre land. Naboen i aust blei den største importøren av smøreosten.

Men ikkje ein gong smakebitar av osten finn lenger vegen til russiske ganer.

– Russland var jo vår største eksportmarknad for Snøfrisk, og var i fin vekst. Det var synd vi ikkje fekk halde fram arbeidet på marknaden med så stort potensial. Men dette er storpolitikk, og det er ikkje mykje å gjere med det, seier Bjørn Molskred, konserndirketør for eksport hos Tine.

Bjørn Molskred

Bjørn Molskred er konsernsjef for eksport i Tine, og seier konsernet arbeider hardt for å tette tapet av den viktige eksporten til Russland.

Foto: Tine

Snøfrisk-osten blei lansert til OL på Lillehammer i 1994. 22 år etter blir stadig nye variantar lanserte.

Suksessen Russland

Geitosten trefte dei russiske ganene så bra, at i toppåret 2013 hamna 160 tonn av denne ostetypen på russiske kjøkken. Totaleksporten nådde 260 tonn.

RUSSIA-POLITICS/ Putin chairs a meeting with members of the Security Council in Moscow

Det er halvtanna år sidan Russalnd med president Valdimir Putin i spissen, bestemte at ingennorske varer, ei heller snøfriskosten, får hamne på russiske bord.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Men så kom sjokket i august 2014, då Russland innførte importforbod mot norske produkt, også landbruksvarer. Det skjedde som tilsvar på vestlege sanksjonar mot landet.


– Boikotten kom akkurat i det vi var i ferd med å vurdere om vi skulle innføre skiftarbeid for å møte den aukande etterspørselen i Russland, seier meierisjef Bente Reklev i Ørsta.

Bente Reklev, meierisjef i Ørsta

Bente Reklev er meierisjef hos Tine Meieriet i Ørsta.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Det russiske importforbodet gjorde at seks pallar Snøfrisk blei stansa og sendt i retur til Noreg. Det er 56 000 beger ost.

I tillegg til Snøfrisk, produserer Ørsta-meieriet mange andre sortar ost, både kvite og brune slag. Til saman lagar dei vel 2600 tonn ost i året.

Boikotten har ikkje gått utover dei rundt 50 arbeidsplassane i Ørsta. Bente Reklev er heller ikkje uroa for at den russiske boikotten skal føre til tap av arbeidsplassar.

Snøfrisk Hvitost

Ørstameieriet produserer også fast kvitost av geitemjølk.

Foto: Tine

Nye marknader

Etter den russisk importstansen har Tine kasta blikket mot andre land. Satsinga har særleg blitt sett inn på Tyskland og USA. Enno er det langt fram før tapet av den russiske marknaden er tetta.

– Det er beinhard konkurranse, og det er ikkje berre å kome og knipse med fingrane og tru at alt skal ordne seg. Her trengst det langsiktig satsing og utvikling slik at han osten får skikkeleg innpass i land som Tyskland og USA, seier Bjørn Molskred.

Konserndirektøren slår fast at Tine jobbar for at volumet i ved meieriet i Ørsta, skal gå oppover att i tida framover.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.